Margit Myhr: Stilt trør kvinner i sørgedans

Margit Myhr

Sterk utøvar med gripande kvinnehistorier

I 1349 stengde ein far einaste dottera si inne i stabbursloftet på garden. Slik skulle ho overleve svartedauden. I 1733 vart Liv Engebretsdotter avretta som den nest siste i Hallingdal, dømd for å ha teke livet av sitt nyfødde born. I 1862 emigrerte Gro Gudmundsrud 20 år gamal til Amerika for å kunne leve med mannen ho elska. Dette er historier om kvinner som sto åleine med ei maktesløyse det kan vere vanskeleg å setje seg inn i. På kvart sitt vis var dei tvungne til å bryte opp frå alt det vante og kjære og stå einsame i verda. Korleis tenkte dei og kva drøymde dei om?

Margit Myhr - song og forteljing
Leif Stinnerbom - regi
Eldgrim Springgard - manus

Produsert av Riksscenen 2016

 

Konsertar:


Torsdag 7. juli 19.30 Opningskonsert: På flukt!
Idrettshallen, Førdehuset 


Fredag 8. juli 12.00  Margit Myhr: Stilt trør kvinner i sørgedans
Teatersalen, Førdehuset

Forrige
Forrige

Mamar Kassey

Neste
Neste

Mari Skeie Ljones: Spring du fela