Mamar Kassey - Niger

Vest-afrikanske rytmar med vakker mannsvokal og briljant fløytespel

Mamar Kassey har sidan starten i 1995 forført eit stort publikum over heile Vest-Afrika og etter kvart også i Europa. Musikken deira byggjer på tradisjonar. Dei er den dynamiske kjelda til stadig utvikling. -Tradisjonen er sjølve meininga med musikken vår, seier Yacouba Moumouni som er meir kjend som Denke-Denke, kanskje den største artisten frå Niger i dag. -Tradisjonsmusikken har ikkje stramme og rigide rammer, men er open og respekterer personlege variasjonar og tolkingar gjennom munnlege overleveringar. Det grunnleggande i folkemusikken finst på alle nivå i musikken.

Tradisjonen sprer seg i lysets fart gjennom rytmen i kalebassen og Kalangou-tromma. Det er tradisjonen som skaper dei subtile møta mellom melodilinjene til el-gitaren og komsa-lutten, som eigentleg står i kontrast til kvarandre. Det er tradisjonen du høyrer i songen og fløytestemma, der dei dansar bortover på ein stram høgfrekvent rytme. Det er vest-afrikansk tradisjon og rytmar som byr opp til dans når det er laurdagskveld og vi inviterer til festivalnatt på hotellet.

YACOUBA MOUMOUNI - vokal, fløyte, kamele, n'goni
ABDOURAHAMANE ALBARKA BOMBOU  - gitar
OUSMANE ABDOU - kalangoun
SEYNI HALIDOU - molo, komsa
ABDOULKARIMOU MAMADOU N'DIAYE - bassgitar
BOUBACAR SOULEYMANE - vokal, calabasse
FATOUMATA AMADOU - vokal

 

Konsertar: 


Laurdag 9. juli 23.00 Festivalnatt
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa