Mari Skeie Ljones: Spring du fela - Norge

Eit kinderegg med lyrikk, folkemusikk og spelemannshistorier

Spring du fela er eit prosjekt i regi av felespelaren Mari Skeie Ljones, der gamle spelemannshistorier får nytt liv gjennom nyskrivne tekstar av samtidspoetar. Dei nye tekstane har fått nye melodiar, og det heile har vorte eit spennande kinderegg med lyrikk, folkemusikk og spelemannshistorier. 

Mari Skeie Ljones ville kombinere tre av interessene sine, og vidareføre tradisjonen med å lage songar basert på forteljingar frå spelemannssoga. Ho serverte diktarane historier om folkemusikarar og dansarar frå Gudbrandsdalen, og fekk tilbake dramatiske, triste og glade tekstar frå poetane Cornelius Jakhelln, Gaute Sortland, Mette Karlsvik, Anna Kleiva, Sigrid S. Botheim og Torbjørn Ljones. Den nye poesien har Mari Skeie Ljones, Camilla Granlien og Gaute M. Sortland komponert musikk til - og resultatet har blitt tretten songar, ein CD og ei bok.

«Spring, du fela mi, snøggare enn torsten,
um du ikkje vil verta pant for brennevinet.»

(frå Spissrotmarsj av Cornelius Jakhelln)


Mari Skeie Ljones - fele, vokal
Camilla Granlien - vokal, hapidrum,
Jo Fogner Skaansar - kontrabass
Gaute M. Sortland - gitar, vokal
Olav Christer Rossebø - gitar, mandola, mandolin

 

«Både dansen og teksten letter litt fra gulv og papir. Og når springleiken går, er hele fargeskalaen med.» (Arne Guttormsen, Vårt Land)

 

Konsertar: 


Laurdag 9. juli 20.30 Festivalgalla
Idrettshallen, Førdehuset


Søndag 10. juli 17.30  Spring du fela
Klokkargarden, Dale