Bruvoll / Halvorsen

Gjensyn med musikalsk radarpar

Gitaristen Tore Bruvoll og songaren Jon Anders Halvorsen er eit musikalsk radarpar som hadde stor suksess med platene Nattsang (2004) og Trillar for to (2007). Saman med bandet sitt skapte dei sin eigen «feelgood» folkemusikk med klare referansar til både vise- og popsjangeren. Allsongen stod i taket på konsertane deira, og etterpå var det ikkje få som gjekk rundt med «i frå Frankerike er vi no komne..» på hjernen.

Etter ein lengre pause der dei to har vore opptekne med andre prosjekt på kvar sin kant, vart dei spurde om å gjere ein turné i Nord-Norge i 2013. Dette vart eit så hyggeleg gjensyn at dei bestemte seg for å utforske duoformatet på nytt. Gleda ved å spele akustisk med berre ein gitar og ei stemme i mindre lokale var stor, etter ein periode med bandjobbing på større scener. –Og det er her musikken vår høyrer heime, seier Tore Bruvoll. Nært innpå publikum og nært innpå musikken.

Bruvoll / Halvorsen byggjer musikken sin på norske middelalderballadar, folketonar og eigne låtar med sjarmerande og rørande historier om kongsdøtrer, vakre grøne skogar, morgondraumar, vene møyer og hell i kjærleik. Det blir litt av det gamle, men også ein del nytt materiale skal vere klart til gjensynet i Førde. Det er berre å glede seg!

Tore Bruvoll gitar
Jon Anders Halvorsen vokal