Cherifa

Suggererande berberblues

Berberdiva, dronninga av amazigh - Cherifa frå Marokko har mange tilnamn. Ho kjem frå Khénifra, der songkarrieren starta i ung alder med oppdrag i bryllaup og andre festlege lag. Det var tradisjonelt smått med skulegang for jentene, difor brukte Cherifa tida til lære seg å synge. Ho vandra i åsane rundt der ho budde. Og song. Då ho til slutt valde musikk som leveveg, var dette naturleg nok ikkje i tråd med foreldra sine ønskje. Cherifa kom til Frankrike første gong i 1999, og vart etter kvart invitert til festivalar over heile Europa.

Cherifa si stemme er rå og sensuell. Ho syng i amazigh-tradisjonen, som er kjend for poetiske tekstar fulle av metaforar – om gleder og sorger i livet. Det er mykje melankoli i musikken, men den er lett suggererande og ekstatisk. Det er i det heile lett å late seg rive med av Cherifa og ensemblet hennar sin stolte berberblues. Dette er rytmisk og dansbar musikk som går rett i sjela!

MarokkoGasta DesignCherifa