Bhanwari Devi | Rajasthan

Rå stemmeprakt frå Rajasthan

Bhanwari Devi kjem frå byen Lakshmangarh i Rajasthan, og har i løpet av dei siste åra vorte eit kjent namn i indisk folkemusikk. Alt i 14-årsaldersen lærte onklane hennar å resitere Phad, ein spesiell åndeleg tradisjonen som går ut på å tolke og fortelje historier som blir måla på lange teppe (Phad). Bhanwari Devi song vanlegvis med mannen sin, men då han døydde i 2004, tok sonen, Kishan (eller Krishna), over faren si rolle. I starten framførte dei Phad heime i landsbyen, men dei vart snart lagt merke, og er no etterspurde langt utanfor lokalmiljøet.

Repertoaret til Bhanwari Devi omfattar fleire songtradisjonar frå Rajasthan. Det er lovsongar, Bhajan, og songar frå klasssiske Rajastan-tradisjonar som Maand og Mumal. Bhanwari og ensemblet hennar har opparbeidd seg stor popularitet i India. Publikum og musikkekspertar let seg blende over krafta i den djupe, karakteristiske stemma hennar, og mange trur at den indiske nibarnsmora no står framfor ei internasjonal karriere. Under Førdefestivalen vert ho presentert for første gong i Norge.

Smaken av India! Torsdag kveld (3. juli), inviterer vi publikum til Smaken av India i Restaurant Hugleik, på Rica Sunnfjord Hotel & Spa. I tillegg til å nyte Bhanwari Devi sin vakre song, får du her servert indisk mat, etter lokale oppkrifter frå Rajasthan .