Talentfullt treff under Storehesten

Tirsdag kveld hadde årets talent si første øving. Dei møttest på Rytne gard kor det vart mat, småprat og bogeskyting før den seriøse jamminga sette i gang. Gjennom veggane på den gamle låven på Rytne, kunne ein høyre starten på eit nytt internasjonalt musikalsk eventyr frå Kenya, Malawi og Norge.   

IMG_0989.JPG

Talentprosjektet er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Rikskonsertane. Kvart år samlast unge talentfulle musikarar frå Norge og to andre land til to vekeslange verkstadar. Den første verkstaden skjer i samband med Førdefestivalen, den andre i eitt av dei andre landa som er representerte i prosjektet. Med talentprosjektet ønskjer festivalen å gje unge musikarar høve til å utvikle seg sjølv i møtet med andre musikktradisjonar.

I år kjem talent-deltakarane frå Kenya, Malawi og Norge. 

Norske deltakarar er alle studentar ved Norges musikkhøgskole: 
Helga Myhr frå Torpo i Hallingdal - fele, dans, vokal
Ingeborg Ulberg Sommar frå Røros - fele
Torfinn Hofstad frå Verdal - fele

Frå Kenya kjem desse tre:
Faith Wangui – vokal, dans, gitar
Saumu Kazia – dans, trommer, vokal
Omari Mwatela Swaleh – perkusjon (sengenya, marimba, chapuo, kayamba, leg jingles)

Turleiar for talenta frå Kenya er Wakake Otieno, som tidlegare har delteke i talentprosjektet i Førde.

Dei tre deltakarane frå Malawi er:
Asante Maulidi - perkusjon, dans, vokal
Thokozani M¹doko - vokal, dans, perkusjon
Patrick Chimbewa - tsansi (mbira)

Kunstnarlege leiarar for Talent 2016 er Ivan Mazuze og Unni Løvlid. 

 

Tekst: Kamilla Mygland Storaker
Torill Gundersen