Draumar veks på tre

Framfor Torgscena kan du no finne to ekte draumetre. I samarbeid med Lions International har Førdefestivalen invitert barn frå Førde og Kampala i Uganda til å skrive ned nokre av sine tankar og håp for framtida, og henge dei opp i glade fargar under festivalveka. I dag, tirsdag, var ungar frå Nærleiken og Vieåsen barnehage i sentrum for å pynte to struttande grøne draumetre.

 

Festivalen ønsker både barn og vaksne velkomne til å dele sine draumar – store og små – og henge dei opp framfor Torgscena !

Theodor drøymer om ein sommarfugl....

Theodor drøymer om ein sommarfugl....

Desse fine sommarfuglane er teikna av skuleborn i Kampala, Uganda. 

Desse fine sommarfuglane er teikna av skuleborn i Kampala, Uganda. 

 

Det blir mykje program for heile familien gjennom veka. Her har du ei oversikt :

Tekst: Kamilla Mygland Storaker