Slik vart første dag!

FOTO: HEIDI HATTESTEIN

I går tjuvsatrta vi festivalveka, og det kjendest godt ! Med lekkert sommarvær på overskya ti grader, fekk vi på plass fire konsertar, ei kunstutstilling og ein kinofilm. Folk og fe stilte mannsterkt opp som publikum. 

Dagen starta i sandkassa på Solsida barnehage på Haugum, med duoen Djønne og Børsheim og "Morgonstund har gull i munn". Alle fekk synge med, og alle fekk lære kva ei Hardingfele er - og kor fint den let ! Og kor langt eit trekkspel kan strekke seg. 

FOTO: ARVE ULLEBØ

FOTO: ARVE ULLEBØ

 

Seinare på dagen vart fjellet tatt i bruk. "Ut på tur, aldri sur", sa dei og gjekk til Halbrendstølen. Her var det så god stemning at til og med froskane song ! Sjølv om det ikkje var morgon... Annlaug Børsheim, Ingemund Askeland og Mari Skeie Ljones skapte ein nydeleg ettermiddag for eit lukkeleg, pølseetande publikum. 

FOTO: HEIDI HATTESTEIN

FOTO: HEIDI HATTESTEIN

Tidleg på kveldinga vart festivalutstillinga “Resonans” av Kristin Skrivevik offisielt opna. Med-arrangør Sunnfjord Kunstlag, hadde invitert Susanne Svenseid, direktør i Norske kunstforeninger, til å seie nokre ord om kunstnaren og dei levande bildene hennar. I tillegg var det minikonsert med festivalartistane Beatrice Deer og Evie Mark frå Canada som skapte stor begeistring. Utstillinga blir ståande til søndag. 

FOTO: KNUT UTLER

FOTO: KNUT UTLER

På Førdehuset utpå kvelden var vi plutseleg i Tyrkia, i lag med Café Aman Istanbul. Denne livlige gjengen gleder vi oss til å bli betre kjend med på dansekurs torsdag og fredag !

FOTO: KNUT UTLER

FOTO: KNUT UTLER

Til Blomsterhagen restaurant i Florø kom den spanske gruppa Vigüela. Sidan verdifull bagasje ikkje kom fram med flyet, måtte musikarane vere kreative for å fullføre konserten. Både gryter, skeier og cola-flasker fekk ny nytte. Sang og musikk vart det. Og på menyen kunne ein velge vidt, alt frå betasuppe til spanske kjøttbollar.

FOTO: DAVID BOWEN

FOTO: DAVID BOWEN

FOTO: DAVID BOWEN

I Gloppen vart det Jigs Reels & beers med Mairearad og Anna frå Skottland. Vi er svært nøgde med å desse to garva musikarane med på laget når vi hadde vår første konsert i Gloppen ! Måtte det bli fleire med minst like god stemning.

FOTO: ARVE ULLEBØ

Tekst: Kamilla Mygland Storaker
Forrige
Forrige

PROGRAMENDRING: Circus Raj torsdag 7.juli har fått nytt tidspunkt

Neste
Neste

Talentfullt treff under Storehesten