Dag fire: Sol under skyene!

Værgudane ville ikkje signere kontrakt med Førdefestivalen i år. Likevel skulle lørdagen bli ein av sommarens heitaste dagar.

Foto: Arvid Anthun

 

Akkompagnert med fantastisk brass-musikk frå austerrikske Federspiel, vart det ein upåklageleg start på dag fire. Smekkfullt og smakfullt, omtrent slik kan vi vel oppsummere festivalfrukosten.

Foto: Heidi Hattestein

Festivalparaden gjekk som ei sann lyskjelde av energi gjennom Førde sentrum. Ballongar, sirkusjøgling, vals-takt og wodo-dans – her mangla det ikkje på noko ! Langs vegen sto det tjukt med folk som ikkje såg ut til å bry seg nemneverdig om dei stadig mørkare skyene over fjella. 

Foto: Arvid Anthun og Geir Birkeland

musikken kom fram til sentrum begynte det å bli heftig vått. Det skremde ikkje publikum frå gratiskonsertar med Gjermund Larsen Trio & Nordic, Noency Mosquera og Huun-Huur-Tu.

Foto: David Bowen

Foto: David Bowen

 

Silje Onstad Hålien gjorde seg kjend med festivalpublikummet i fjor med forestillinga Villniss. I år var ho tilbake i Førde med nytt prosjekt ; « 101 hattar å sparke før eg dør ». Med seg på lasset hadde ho Anders Löfberg.

Foto: Heidi Hattestein

 

« Vi har ei viktig oppgåve i å bevare og vise fram den syriske kulturen. Det har de òg. Dette er vår felles verdsarv ! » Broukar hadde ein tydeleg bodskap på Møt artisten. Dei snakka om korleis dei klarer å samlast for å turnere, og kvifor det er så viktig å ta vare på kultren i den brutale situasjonen landet er i. Heile intervjuet vart streama live på facebook. Du kan besøke Førdefestivalen på Facebook for å sjå videoen.

Foto: Heidi Hattestein

 

706 meter over bakken var det så tåkete at det kunne ha vore vanskelig å sjå artisten som sang og dansa på på toppen av Hafstadfjellet. Chouk Bwa Libéte frå Haiti let seg i alle fall ikkje skremme av været.

Video: Knut Utler

 

Foto: Oddleiv Apneseth

Folk var fullstendig over seg av begeistring for tingingsverket Nattsongar av Erlend Apneseth. Konserten var ein deilig fusjon av norsk og internasjonal tradisjonsmusikk, ispedd mellom anna litt jazz og bluegrass. I følge den unge komponisten skal « Nattsongar » skal representere hans eiga oppfatning av lyden av Førdefestivalen.

Foto: Oddleiv Apneseth

 

Det skulle bli trangt i Teatersalen då det endeleg var klart for syriske Broukar. Tydeligvis var det mange som ville ha meir av den transeaktige sufimusikken og dervishdansen som blei presentert på opningskonserten. Den vesle, mørke salen satt rammene for ei ekstra spesiell oppleving. Sangane var nok ny for dei fleste, men ikkje alle. I eit hjørne av salen sat ei eldre dame med sjal på hovudet som gret stille og sang svakt med til bønene som kom frå scena.

Foto: Heidi Hattestein

Foto: Knut Utler

 

Meisterspelemennene Håkon Høgemo & Tom Karlsrud hadde plateslepp på gårdsdagens konsert, og det mangla ikkje på stemning ! 

 

 

 

Herlege Federspiel fekk liv på festplassen med sin fabelaktige brass-musikk. Dei unge karane frå Austerrike gnistra av spontanitet og kreativitet, så trass i yr og vind, kunne ikkje publikum anna enn å digge!

Foto: Arvid Anthun

Kari Malmanger fekk publikum til å reflektere over fenomenet voggesang på Møt artisten. Voggesong er noko trygt, noko veldig personleg som ofte berre nærmaste familie deler. Som ein liten teaser til forestilling « Sulla meg litt du mamma mi » song Malmanger for publikum. Brått vart dei klare over kor dei har lengta etter å bli lulla for.

 

Dette kjem sikkert ikkje som ei bombe for nokon, men når Jesus speler fele, då blir det fint. Og når han tek med seg fem av disiplane sine opp på scena, då er det berre å setje seg ned og folde hendene. Gjermund Larsen Trio & Nordic har vist oss lyset. Amen !

Foto: Geir Birkeland

 

Fenomenet Huun-Huur-Tu leverte til gull. Det er ei bastant urkraft i desse karane som bergtek oss, og samtidig er musikken så rytmisk og levande at ein omtrent opplever å sitte på ein hest i gallopp over slettelandskapet på Tuva. For ein konsert !

Foto: Geir Birkeland

 

Etter å ha øvd i ei veke var Talent 2016 endeleg klar for å ha konsert. Dei unge vaksne frå Norge, Kenya og Malawi hadde spikra saman ei kul og rytmisk forestilling, full av overaskingar og sugererande takter. 

Foto: Arve Ullebø

Foto: Arvid Anthun

Folk møtte mannsterkt opp til årets festivalgalla. Programleiarane Camilla Granlien og Geir Lystrup skapte stor stemning med vakre viser, gode vitsar og attpåtil ein allsong ! Artistane var ikkje dårligare. Her var det stort spekter av forskjellige sjangrar; SambaSunda (Indonesia), Trio Madeira Brasil (Brasil), Spring du fela (Norge), Dreamers' Circus (Danmark), La Boutine Souriante (Canada), Huun-Huur-Tu (Russland), Talent 2016 (Norge/Kenya/Malawi) og Chouk Bwa Libéte (Haiti). 

Foto: Arvid Anthun

Foto: Arvid Anthun

 

Det svinga som vanleg då dansen gjekk i Festsalen.

Foto: Geir Birkeland

 

Columbi Egg var like pakka fullt som det alltid er. I går hadde Gabriel Fileflet besøk av Nordic, La Boutine Souriante og tre frå årets talent-prosjekt ; Ingeborg Ulberg Somme, Torfinn Hofstad og Helga Myhr. 

Foto: Arve Ullebø

 

Festivalnatta var hadde variert program. I Barthold Bar var det Nordisk lyd frå scena. Først ute var den svenske kvartetten, Navarra. Dernest sto danske Dreamers Circus på scena. I etasjen over hadde all musikken røtene sine frå Afrika ; Noency Mosquera & el Bongo de Boyjayá (Colombia), Chouk Bwa Libéte (Haiti) og Faytinga (Eritrea). 

Foto: Arve Ullebø

Foto: David Bowen

Foto: David Bowen

Foto: David Bowen

Tekst: Kamilla Mygland Storaker
Forrige
Forrige

Dag fem: Frå "fyste song" til siste trampeklapp

Neste
Neste

Dag tre: Sterke opplevingar, store stemmer.