Dag tre: Sterke opplevingar, store stemmer.

Den tredje festivaldagen skulle vi merkast av alvoret bak årets festvialtema, og oppleve ugløymelege konsertar med somme av dei største stjernene på programmet.

Mor Karbasi. Foto: Geir Birkeland 

Mor Karbasi. Foto: Geir Birkeland 

 

Som vanleg starta dagen med Djønne og Børsheim og Morgonstund har gull i munn. Denne gongen spelte dei i Vieåsen barnehagen. 

For dei som hadde fri frå barnehagen, var det musikk i sentrum

Foto: Heidi Hattestein

Foto: Heidi Hattestein

Foto: Heidi Hattestein

Foto: Heidi Hattestein

Foto: Heidi Hattestein

Foto: Heidi Hattestein

 

I utstillingssalen på Førdehuset møtte vi fire av årets artistar. Faytinga (Eritrea), Mor Karbasi (Israel/Spania), Nishtiman (kurdisk Iran/Irak/Tyrkia) og Noency Mosquera (Colombia). Artistane blei spurt ut om bakgrunnen for musikken dei lagar, og somme spelte eit par låtar i tillegg. Eit av intervjua som gjorde størst inntrykk var med Faytinga. Med ei svært sterk tale til publikum, vart ho eit levande symbol på kva årest festivaltema eigentleg handlar om. Les meir om møtet med Faytinga HER.

Foto: Arve Ullebø

Foto: Arve Ullebø

 

Margit Myhr demonstrerte sitt formidlingstalent på Teaterscena med forestillinga “Stilt trør kvinner i sørgedans”. Det handla om tre kvinner som har vore nøtt til å bryte opp med alt det vante og møte verda aleine. Med ein boks som einaste rekvisitt i tillegg til instrument og ei klokkeklar stemme, tok Myhr oss med langt ut frå festivalrammene og inn i historier der drøymar og realitet ligg langt frå kvarandre.

Foto: Arve Ullebø

Foto: Arve Ullebø


Så var det lusjkonsert med Noency Mosquera. Ein meir struttande person enn henne skal du leite lenge etter. Dette er ei dame som lever for å spre glede, først og fremst for å gjennopprette moralen i eit lokalsamfunn som har vore sterkt prega av den brutale gerilljakrigen i heimlandet, Colombia. Som tilskodar var det berre å suge til seg den enorme energien til denne fargerike dama. God mat var det visst òg!

Foto: Geir Birkeland

Foto: Geir Birkeland

Foto: Geir Birkeland

Foto: Geir Birkeland

 

 

Foto: Knut Utler

Foto: Knut Utler


Den svensk-norske duoen Gunnar Stubseid & Ale Møller skapte kjempestemning på Førde Kulturskule. Dei henta fram både nytt og gamalt reportoar, og viste kva det inneber å bli kalla legendarisk.

Foto: Knut Utler

Foto: Knut Utler

 

 


Värttinä spelte på Førdehuset på ettermiddagen. I raude, tradisjonsrike drakter, sjarmerte dei tre nydlege jentene frå Finland publikum i senk med sin fleirstemte song. Vi fekk høyre om tordenfuglar og andre gode historier, og blei minna om kor utrulig glade vi eigentleg er i det mjuk-harde finske språket.

Foto: David Bowen

Foto: David Bowen

 

 

SambaSunda fekk æra av å huse den intime scena i Teatersalen på Førdehuset. Her presenterte dei urban indonesisk musikk på sitt beste i lett blanding med blant anna brasilianske sambatakter.

Foto: Knut Utler

Foto: Knut Utler

 

På Festplassen fekk festivalungane nok eit høve til å le seg i filler då Circus Raj hadde sitt siste show. Dei spretne og heil-sprøe indarane imponerte igjen med sine lure triks og glitrande antrekk.

Foto: Heidi Hattestein

Foto: Heidi Hattestein

 

 

Foto: Oddleiv Apneseth

Foto: Oddleiv Apneseth

Dei som kom seg inn på Terje Isungset sin konsert Arctic Ice Music, fekk ein opplevelse heilt utanom det vanlege. Med ekste is-instrument møtte Isungset musikarar som representerer urfolk frå Canada, Tuva og Sameland. Publikum sat som trollbatt og lytta til det fascinerande, mystiske lydbildet. Denne produksjonen var skapt for og i samarbeid med Førdefestivalen og endte med å bli ein heilt magisk konsert.

Foto: Knut Utler

Foto: Knut Utler

I samarbeid med Jølstraholmen og Jølster mottak, inviterte festivalen til konsert med Faytinga, musikaren og fridomskjemparen frå Eritrea. 

Foto: Arve Ullebø

Foto: Arve Ullebø

Med musikk, sang og pantomime fortalde Raymond Sereba rytme-eventyr omforviklingar og korleis ein kan løyse dei. Ein festivalfredags kveld er ikkje fullverdig utan ein skikkelig barnekonsert med felles dans på scena til slutt. 

Foto: Heidi Hattestein

Foto: Heidi Hattestein

 

 

 

Foto: David Bowen

Foto: David Bowen

Så var det kurdiske Nishtiman. Dette fantastiske ensemblet leverte utan tvil ein av årets beste konsertar. Liknande rytmekjensle og musikalsk perfeksjon på alle plan skal ein leite lenge etter å oppleve. Salen tok av då musikarane kom ned frå scena og satte fyr på eit allereie glødande dansegolv.

Foto: David Bowen

Foto: David Bowen

 

Mange hadde gleda seg til å sjå konserten med headlineren til årets festival; Mor Karbasi. Dei som fekk med seg timen med henne i Idrettshallen, kan sverge på at dei fekk det dei hadde betalt for. Karbasi tok oss med storm. Med det ville håret, den elegante handgestikuleringa og den flotte kjolen framsto ho som Esmeralda i Ringeren fra Notre Dame. Stemma hennar var så vakker at det gjer vondt å tenke på at den kanskje alt er reist frå Førde. Spørs om ho berre må kome tilbake neste år.

Foto: Geir Birkeland

Foto: Geir Birkeland

Foto: Geir Birkeland

Foto: Geir Birkeland

Dansen går var som alltid ein suksess!

Foto: Heidi Hattestein

Foto: Heidi Hattestein

Foto: Heidi Hattestein

Foto: Heidi Hattestein

Columbi Egg låg stemninga som vanleg litt over takhøgde.

Foto: David Bowen

I Førde kyrkje tok vi eit djupdykk i den mangfaldige religiøse musikken frå Syria. Konserten “Syriske bøner” er eit resultat av eit samarbeidsprosjekt med Kirkelig Kulturverksted, og skal også gjevast ut på plate.

Foto: Knut Utler

Foto: Knut Utler

 

 

Sigøynarfesten kunne ikkje bli kjedeleg. Mahala Rai Banda som starta kvelden, satte standarden og kjørte på med fullt trøkk frå første låt. Resultatet var umiddelbar psykedelisk freestyle-dans framfor scena. Neste band til pers var Romengo som gjorde sitt for å teste uthaldet i rytmemusklaturen til dei fram-møtte. Skryt til alle dei svette danseløvene som skapte den energiske fredagskvelden vi leita etter! 

Tekst: Kamilla Mygland Storaker