Dag fem: Frå "fyste song" til siste trampeklapp

I løpet av fem dagar har vi brukt sansane våre godt. Vi har hørt mykje, sett, følt, ledd, dansa og kanskje fellt ei tåre eller tre. Siste festivaldag er alltid litt vemodig. Men som regel er det også den heftigaste. 

Tradisjon tru starta søndagen med Festivalgudsteneste i Førde kyrkje, kor Helga MyhrIngeborg Ulberg Sommar og Torfinn Hofstad frå Talent 2016 song og spelte. 

Foto: David Bowen

Foto: David Bowen

Foto: Heidi Hattestein

Foto: Heidi Hattestein

I Teatersalen vart det eit sterkt møte med songen vi alle har eit nært forhold til ; voggesongen. Den heilt spesielle forestillinga Sulla meg litt du mamma mi besto av ei gruppe kvinner frå Iran, Sri Lanka, Afghanistan, Eritrea og Syria, samt kunstnarisk leiar, Kari Malmanger. Kvar og ein av kvinnene presentere seg sjølv, og sang den songen som vanlegvis berre er for det aller kjæraste dei har. Malmanger bidrog med vakre bånsullar frå Hardanger og song. Sjølv om dei andre på scena ikkje var profesjonelle, gjekk songen til desse beskjedne kvinnene rett i hjartet. Med sterke sitat som ; “Mora mi er død, men når eg syng denne songen, så er ho her igjen.”, var det ikkje rart publikum vart rørt til tårer.

unspecified-38.jpeg

Strupesong kongane Huun-Huur-Tu hadde sin siste konsert i fagre omgjevnader på Rytne Gard i Bygstad.

FOTO: Kamilla Mygland Storaker

FOTO: Kamilla Mygland Storaker

Foto: Geir Birkeland

Foto: Geir Birkeland

I Høgsalen på Sogn og Fjordane Kunstmuseum var det berre for publikum å sette seg ned og nyte ein time med stor kunst. Trio Madeira Brasil er gitaristar i aller øverste verdensklasse, og dei serverte ein heilt fantastisk flott konsert med spanande rytmar og reportoar.

Foto: Geir Birkeland

Foto: Geir Birkeland

Familiesøndagen var det konsertar både inne og ute, ansiktsmåling og mykje morro for liten og stor.

Foto: Heidi Hattestein og David Bowen

 

La Boutine Souriante går velfortent under tittelen “legendarisk”. Dei leverte med vanvittig trøkk, og ein kunne ikkje vente anna enn at det skulle bryte ut ellevill julbel framfor scena. Denne responsen vart lagt merke til hos bandet, og ein kunne nesten våge seg til å meine at dei såg litt imponerte ut over den spontane entusiasmen. Før konserten var over hadde dansaren i ensemblet gått ned frå scena for å svinge seg i lag med festivalpublikommet, og det skulle bli både to og tre (fire?) ekstranummer.

Foto: Geir Birkeland, Knut Utler, Arve Ullebø

 

På Fjordamettunet var det fyr i peisen, nysteikte sveler og deilig musikk frå den fabelaktige dansk-svenske trioen Dreamers' Circus

Foto: Arve Ullebø

Foto: Arve Ullebø

Det vart både lyrikk, folkemusikk og gode historier då Spring No Fela spelte på Jakob Sande sin fødestad på Klokkargarden i Dale. 

Foto: David Bowen

Foto: David Bowen

Tekst: Kamilla Mygland Storaker