Arbeidsam og målbevisst, med eit nært forhold til fela.

Gro Marie Svidal har gjort svenske av seg, men slepper si andre plate heime i Jølster. Foto: Martin Hugne

Jølstringen Gro Marie Svidal har gjort svenske av seg, men torsdag vender hardingfelevirituosen tilbake. Soloplata Eilov må sleppast i heimlege trakter.

- For å få eit naturleg forhold til instrumentet ligg ungane strødd utover golvet. Klarar dei dei same bogestrøka liggande? «Eg kan spele fele eg, høyr kor fint eg spelar» svarar det i felene. Året er 1985, Knut M. Sandal og Hilde Bjørkum rekrutterer unge folkemusikkentusiastar til Indre Sunnfjord Spelemannslag. Den yngstei forsamlinga, og ei av dei ivrigaste, er Gro Marie. Femåringen har masa seg til å få vere med- ho vil så gjerne gjere alt det storesyster Eva Kristin gjer.

Sidan 2003 har Gro Marie Svidal livnært seg av musikken. Ho er blandt landets mest aktive hardingfelespelarar, reiser land og strand, i inn- og utland. Opptrer aleine og eksperimentert med andre i ulike sjangrar, dansar og speler teater.

– Men eg kjem alltid tilbake til dette: Kvar står eg, kvar vil eg og kvar kjem eg i frå? Eg vender meg attende til utgangspunktet; det er i tradisjonsmusikken eg kjenner meg heime. Samstundes beundrar eg på eit vis sjangeren, og har enorm respekt for den. Eg har vore i diskusjonar med dei som meiner ein misser meininga med musikken om ein ikkje skapar noko nytt, men eg vil ikkje gjere endringar berre for endringa si skuld. God musikk vil alltid vere god musikk, sjølv om han er gamal.

 

Noregsmeister i hardingfelespel

I 2014 vann Gro Marie Svidal landskappleiken på Geilo, og kunne med det smykke seg med tittelen norgesmeister i hardingfelespel. Det vart startskotet for jølstringen si andre soloplate.

Plata har Gro Marie døypt EILOV, eit norrønt namn som ho forelska seg i på leit gjennom biblioteket.

– Eg jakta på eit solid namn. Og her tyder første ledd, ei, aleine, eller eineståande, medan andre leddet, lov, tyder etterkommar, eller arvtakar. Det stemmer god slik eg ser det; eg stiller meg aleine på denne plata, men i ei lang rekke av tradisjonsberarar.

Røynde spelemenn som Sigmund Eikås, Leif Rygg og Håkon Høgemo er nokre av desse.

– Eg kjenner meg privilegert; eg har læremeistrar til kvart sitt bruk. Eg snur meg til Sigmund for tradisjonar frå Sunnfjord, Leif for det lyriske og Håkon når eg vil ha det kraftfullt og treng hjelp til det teknisk krevjande. Også Knut M. Sandal! Det var han som lærte meg å spele.

I dei seinare åra har kontakten mellom den første læremeisteren og eleven blomstra opp att, og Gro Marie fortel om eit varmt menneske og ein god samtalepartnar;

– Han er ein som gjev av seg sjølv slik at eg kan utvikle meg.

Sandal, på si side, fortel om ein stjerneelev som var ivrig og oppglødd, men alltid djupt konsentrert.

-  Eg måtte ikkje vise grepa mange gonger før det sat. Sytalaust. Ho har vore flink heile tida, målretta, og det har gjeve resultat, seier han.

Etter å ha delteke på kappleik som 13 åring sette Gro Marie seg som mål å øve to timar kvar dag. Alt året etter hamna ho på 2. plass i sin klasse i landstevlinga.

Ein distinkt tone, med eit musikalsk overskot. Slik vert felespelet hennar skildra.

–  Med det meiner dei vel at det høyrest lett ut for meg, at eg har kontroll på det tekniske.

Ho ler høgt når eg spør om det stemmer.

– Ne-hei! Det er jo tusen ting eg skulle ynskje eg fekk betre til, men eg forsøker å kvile der eg er. Det er ei utfordring. Klas Anders, mannen min, seier det så fint; at den største eigenskapen også er den største svakheita. Utan å vere perfeksjonist hadde eg ikkje kome dit eg er i dag, men det gjer også at eg overfokuserer til eg ikkje har krefter att. Då set eg meg ned og grin. Og så hjelper det å gå ein tur.


Kjærleiken tok ho til Värmland

Gradestokken syner 22 bitande blå, men sola glitrar i kvit snø. Kjærleiken tok ho over landegrensa i aust, og no er heime eit lite raudt hus i Värmland.

–   Etter fleire år på farten har eg lært meg å lage lengre bolkar med ro. Eg er ikkje så glad i å reise, men det er naudsynt i mitt yrke. Då vert det å sove i si eiga seng, ete sin eigen mat og vaske eigne klede nesten ei terapeutisk kraft i seg sjølv.

Nettopp derfor vart EILOV spelt inn på Kvinnemuseet i Kongsvinger, ein kort biltur over grensa frå Sverige. Dagny Juel sin barndomsheim, Rolighed, vart tilrådd som innspelingslokale og Gro Marie fann seg sjølv omkransa av sterke kvinner.

–  Eg trur det gav meg ein god energi. Heime har eg alltid kjent meg likeverdig, men i eit større musikkmiljø skimtar ein skilnader. Det finns jo ingen objektive avgjersletakarar innanfor profesjonell folkemusikk, men heller ingen bevis. Tidlegare kunne eg verte usikker og lure på om eg ikkje var god nok, men no veit eg at det ikkje berre handlar om musikken. Nettverk og presse må også handsamast.
 

mellom slaga er det viktig for gro marie å finne ro heime, som no er i värmland. foto: martin hugne

For Gro Marie er musikken drivkrafta, den kjem av seg sjølv. Det som er vanskeleg er det som skjer mellom slåttane.

– I utgangspunktet er eg ganske beskjeden, så eg følte aldri eg meistra snakkinga, eg visste ikkje kva eg skulle seie. Gjennom masteroppgåva ved Musikkhøgskulen, der eg utforska «den munnlege kommentaren i hardingfelekonserten» fann eg knaggar og knep, men det er framleis noko av det eg tykkjer er vanskelegast når eg planlegg nye konsertar. Men det er viktig. Når eg fortel om meg sjølv, om opphavet til musikken, kva som har forma oss, så gjev eg folk ei større forståing av tradisjonen min. Det kan gje ei større oppleving.

På plata skal musikken snakke for seg sjølv, og ho har jobba med å finne slåttane som passar formatet.

–  Nokre slåttar er drivande eingongshendingar, gode til sitt bruk, men dei får vente. No har eg konsentrert meg om dei som er interessante i seg sjølv, dei med melodilinjer som krøllar seg, som utviklar seg som historier med spenningstoppar og rikhaldige fargetonar. Det er slåttar eg likar å spele sjølv, slåttar som kan spelast oppatt og oppatt, med ei djupne som kan utforskast lag for lag.

Tekst: Åsta Urdal | Foto: Martin Hugne


Fakta om Gro Marie Svidal                                       

■ Frå Jølster ■ Hardingfelespelar, komponist, dansar og produsent. ■ Utdanna ved Ole Bull Akademiet og Norges Musikkhøgskole.■ Har bidrege til diverse utgjevingar og gjeve ut soloplata Hardingfele. ■ Torsdag 21.januar slepper ho si andre soloplate; Eilov ■ Plateslepp og konsert på Jølstramuseet kl.20. ■ Konsert i Løa i Dale 24.01 kl 17.00

 

Forrige
Forrige

Årets tema på Førdefestivalen er: På flukt!

Neste
Neste

Ny Førde-kontrakt til Bary as