Ny Førde-kontrakt til Bary as

Her er Bary as sine dyktige og effektive sceneteknikarar  i aksjon medan konferansier Sjur Hjeltnes introduserer neste artist på Festivalgallaen i 2015. 

Førdefestivalen har nettopp avslutta tilbodskonkurransen om levering av teknisk utstyr (lyd, lys, AV, scene) for tre nye år. Konkurransen vart utlyst gjennom Doffin (Database for offentlege innkjøp), og kontrakten går til Bary as. Bary har vore festivalen sin leverandør av slike tenester dei siste åra, og leverte igjen det beste tilbodet på dette området.  

Bary as vart kåra til «Beste eventleverandør 2015», i den årlege EVENTPRIS-kåringa HSMAI (Hospitality Sales and Marketing Association International) gjennomfører i Norge.  Her var Bary as nominerte saman med Barservice, Bright og Mediatec. –Vi kjenner oss trygge på at vi har valt den beste leverandøren av tekniske tenester til festivalen når vi no inngår ein ny tre-årsavtale med Bary as, seier arrangementssjef Sølvi Lien.

Les meir: Bary as - årets beste eventleverandør

Torill Gundersen