Årets tema på Førdefestivalen er: På flukt!

Før, no og truleg også i framtida vil vi sjå at folk flyktar, på grunn av krig, naud, etnisk eller religiøs undertrykking, fattigdom, mangel på ytringsfridom eller andre grunnar. I dag kjem flyktningar til Europa frå mellom anna Syria, Afghanistan og Eritrea – og dei tek kulturen sin med seg. Andre er flyktningar i eigne land, til dømes i Colombia, som er det landet i verda med flest internflyktningar etter Syria (kjelde: UNHCR). Andre reiser til nabolanda, og atter andre reiser frå andre kontinent til Europa. I bagasjen har mange med seg triste og dramatiske historier om vanskelege liv og tunge skjebnar. Men dei har også med seg sin kunnskap og sine evner, kulturen og tradisjonane sine - og musikken sin.

 

Dagsaktuelt - og med historisk perspektiv

-Temaet På flukt! er globalt og høgaktuelt på alle måtar, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum. - Men gjennom dette temaet vil vi også sjå på musikk og kultur på vandring i eit lengre historisk perspektiv. Til dømes emigrerte over 800 000 nordmenn til Nord-Amerika på 1800-talet, i hovudsak av økonomiske årsaker. Vidare har økonomiske vilkår og etnisk undertrykking i hundrevis av år tvinga romfolk til å flykte og emigrere; mange kurdarar har måtta legge på flukt grunna forfølging og undertrykking, og jødane med si over tusenår lange flukthistorie, tok kulturen sin med seg frå Midt-Austen via Nord-Afrika, Spania og vidare til mange land i Europa, der den ofte smelta saman med dei lokale musikktradisjonane i landa dei kom til.

Stjernesongaren Mor Karbasi kjem med sin spansk-jødiske ladinotradisjon. 

Stjernesongaren Mor Karbasi kjem med sin spansk-jødiske ladinotradisjon. 

Kulturell rikdom

- Gjennom årets tema vil vi fokusere på den kulturelle rikdommen og mangfaldet i land vi elles gjerne tenkjer på og høyrer om i samband med krig, konfliktar, fattigdom og naud, seier direktør Hilde Bjørkum, som vil vise det vakre i kulturen og musikken frå desse landa, og minne oss alle om at migrasjon til alle tider har påverka og utvikla samfunn og kultur rundt oss.

 

Samarbeid med Kirkelig Kulturverksted

Syria er frå eit kulturelt og religiøst synspunkt det mest samansette landet i Midtausten, og berar av dei eldste tradisjonane innan kristendommen. På same tid eksisterer det mange avskyggingar innan islam og jødedom i landet. Dette store religiøse mangfaldet har Syria levd med i mange hundre år; dei store konfliktane har kome først i nyare tid. Dette vert reflektert gjennom musikktradisjonane knytt til dei ulike religiøse retningane.

Førdefestivalen samarbeider med Kirkelig Kulturverksted (KKV) om å få fram dette mangfaldet gjennom årets store kyrkjekonsert, som blir ein av festivalen sine nye konsertproduksjonar dette året. Musikken kjem også ut på plate som vert sleppt på festivalen. Produsent for prosjektet og konserten er leiar ved KKV, Erik Hillestad.

- Eg er svært glad for samarbeidet med KKV og Erik Hillestad, seier Hilde Bjørkum. KKV har gjort eit årelangt arbeid for å få fram mange flotte artistar vi elles ikkje ville blitt kjende med, og fremjar mellommenneskeleg forståing på tvers av kultur og religion, noko som stemmer svært godt med festivalen sine grunnverdiar.

 

Fleirkulturelt prosjekt om voggesongar

Ein annan av festivalen sine nyproduksjonar dette året handlar om voggesongar. Songen er ein fellesnemnar for kulturar over heile verda. Same kvar vi kjem frå, syng vi for borna våre. Festivalen har sett i gang eit prosjekt der eit utval innvandrarkvinner i Sunnfjord vert inviterte til å dele sine voggesongar med oss. Norske bånsullar får også sin plass i denne konserten som skal gå av stabelen søndagen under festivalen. Kunstnarleg leiar for prosjektet er songaren Kari Malmanger, og prosjektet skjer i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune.

 

Mahala Rai Banda frå Romania.

Mahala Rai Banda frå Romania.

Artistar frå Syria, Eritrea, Israel/Spania, Romania, Tyrkia og Ungarn

Årets tema-artistar, som publikum mellom anna får høyre på den store opningskonserten, På flukt!, torsdag 7. juli i Førdehuset (festivalen «tjuvstartar» onsdag, medan den offisielle opningskonserten er torsdag), er den syriske gruppa Broukar, som oppstod i 2007 i Damaskus, men der musikarane i dag lever som flyktningar i ulike land i Europa. Gjennom dette ensemblet får publikum også oppleve den heilt spesielle svivande dervishdansen. Frå Eritrea kjem songaren Faytinga, medan stjernevokalisten Mor Karbasi kjem med sin sefardisk-jødiske musikktradisjon frå Spania. Denne tradisjonen går tilbake til tida før mange tusen spanske jødar vart tvinga på flukt på 14-hundretalet. Ho syng på det jødiske språket ladino, som ho med sin karriere har vore med på å redde frå å bli heilt gløymt. Romfolket er representert med gruppa Romengo frå Ungarn og Mahala Rai Banda frå Romania. Desse to gruppene skal setje kvarandre i stemne i parken på Festplassen i Førde fredag kveld under festivalen, på det direktøren håpar skal bli ein legendarisk sigøynarfest. Medrivande danserytmer blir det òg når gruppa Nishtiman entrar scena med sin energiske kurdiske musikk.

 

Under kan du lese meir om artistane som er sleppte i samband med temaet. Fullt program og artistar vert lansert 7. april.