"World ConneXions" er tema for 2015

Temaet på den 26. Førdefestivalen er «World ConneXions». – I år vil festivalen gjennom fleire prosjekt setje fokus på likskapar og samanhengar mellom musikk-, song- og dansetradisjonar i ulike kulturar, fortel direktør Hilde Bjørkum.

- Det er utruleg spennande å utforske ulike musikktradisjonar på tvers av geografiske og kulturelle skilje, seier Bjørkum. – Kva fellestrekk har munnlege songtradisjonar i Europa?  Dei magiske understrengene på hardingfela, kling dei på same måte som understrenger på instrument frå India, Sverige og Bulgaria? Kva skjer når munnharpa og den polyfone songtradisjonen frå fjella på Sardinia møter eggande munnharpespel og overtonesong frå det mongolske steppelandet? Og korleis vert møtet mellom den vestafrikanske harpa kora og ei klassisk konsertharpe? Bjørkum trur alle har ei utforskartrong i seg og ser fram til å invitere publikum med på nye musikalske oppdagingsreiser under årets festival.
 

Nye produksjonar – frå understrenger til vokalvariasjonar.
- Gjennom nye konsertproduksjonar vil vi invitere til nye musikkopplevingar og formidle ny kunnskap, fortel Bjørkum.  – Det er viktig for oss å ikkje berre gå etter «kjendisartistar». Vi vil også skape nye produksjonar og legge til rette for utvikling, nye opplevingar og ny kunnskap både for musikarar og publikum, sjølvsagt med musikarar plukka frå øvste hylle. Nettopp dette er ein viktig del av oppdraget vårt som knutepunktfestival; Ikkje ha det «alle andre har», men gå nye vegar og by folk noko dei kanskje ikkje visste at dei ville ha, seier Bjørkum.


Felemeistrar i «String ConneXions»
Ein av produksjonane er prosjektet «String ConneXions», der meisterutøvarar på strykeinstrument frå fire ulike land møtest for første gong - i Førde. Felles for instrumenta er at dei har resonansstrengar som kling med når ein stryk. – Med fire topputøvarar og over 80 strengar i vibrasjon blir dette eit formidabelt meistermøte med store klangopplevingar i vente, trur Bjørkum. Medverkande i prosjektet er vår eigen hardingfelemeister Gro Marie Svidal frå Jølster, vinnar av Landskappleiken 2014 (Norgesmeisterskapen for folkemusikk), den svenske nyckelharpemeisteren  Emilia Amper,  Murad ali Khan frå India på sarangi og Peyo Peev frå Bulgaria på gadulka.


Europeiske stemmer i «Vocal ConneXions»
I denne produksjonen samlar den anerkjende folkesongaren Unni Løvlid eit knippe framståande europeiske vokalistar for å utforske stemmebruk, ornamentikk, melodioppbygging og anna i europeisk folkesong. Vokalistane er skotske Julie Fowlis, franske Annie Ebrel og bulgarske Gergana Dimitrova (Eva Quartet). –Dette er eit spenstig prosjekt der vi får presentert noko heilt nytt, basert på gamle tradisjonar, seier direktør Hilde Bjørkum, som er særleg glad for å ha fått kunstnarleg leiar for Det Norske Solistkor, Grete Pedersen, til å leie prosjektet.

Eit av dei lokala namna på Førdefestivalen i år er plateaktuelle Linda Gytri Trio. Denne trioen vert også ein del av programlanseringa som festivalen feirar med konsertar i både Florø og Sogndal i slutten av mars.

Mongolia møter Sardinia
Under tittelen Nomadic Voices, tilbyr Førdefestivalen eit unikt møte mellom strupesong frå høgslettene i Mongolia og fleirstemt song frå sardinsk fjellandskap. I dei to fjellområda har dei også eit felles instrument, munnharpa, med solide tradisjonar. – Songen, stemmene og harmoniane. Måten desse to tradisjonane utfyller kvarandre på, er magisk, seier festivaldirektøren.

Wales og Vest-Afrika i virtuost harpemøte
Med duoen Catrin Finch og Seckou Keita har festivalen sikra seg to at dei heitaste namna på den internasjonale verdsmusikkscena. Keita er griot med røter til store musikarslekter både i Mali og Senegal, og ein av dei fremste utøvarane på den vestafrikanske harpa, kora. Finch er harpe-dronninga i Wales, der harpa er det mest walisiske av alle instrument. Ho spelar med dei beste orkestra i verda og solistar som Bryn Terfel.  Catrin Finch og Seckou Keita står begge i ein lang, felles tradisjon frå sine respektive heimland, med historieforteljing gjennom song og spel i munnleg overlevering frå generasjon til generasjon.

Utgjevinga deira Clychau Dibon (2013) er kåra til beste album både i magasina Songlines og MOJO Magazine, er vinnar av best cross-cultural collaboration 2014 i Songlines, og er på Best of-listene til både The Guardian og BBC. Nyleg spelte duoen på den store festivalen Celtic Connections i Glasgow, og til sommaren er dei altså klare for Førde!  – Dette er eit unikt møte mellom to virtuosar i verdsklasse, fortel direktør Hilde Bjørkum. – Eit absolutt must i årets festivalprogram!

Forrige
Forrige

Samarbeid med Førde kulturskule

Neste
Neste

Ny produksjon på Førdefestivalen 2015: «String ConneXions»