Ny produksjon på Førdefestivalen 2015: «String ConneXions»

Gro Marie Svidal frå Jølster. Foto: Martin Hugne

Gro Marie Svidal frå Jølster. Foto: Martin Hugne

Temaet på Førdefestivalen 2015 er "World ConneXions". I år vil festivalen gjennom fleire prosjekt setje fokus på likskapar og samanhengar mellom musikk-, song- og dansetradisjonar i ulike kulturar. 

Emilia Amper frå Sverige.

Emilia Amper frå Sverige.

Ein av produksjonane til årets Førdefestival er prosjektet «String ConneXions», der meisterutøvarar på strykeinstrument frå fire ulike land møtest for første gong - i Førde. Instrumenta deira har det til felles at dei har resonansstrengar som kling med når ein stryk. Med fire topputøvarar og over 80 strengar i vibrasjon blir dette eit formidabelt meistermøte med store klangopplevingar.

Murad Ali Khan frå India. 

Murad Ali Khan frå India. 

Medverkande i prosjektet er vår eigen meister på hardingfele, Gro Marie Svidal. Ho er frå Jølster, og gjekk i 2014 heilt til topps i Landskappleiken, Norgesmeisterskapen for folkemusikk. Frå Sverige kjem ein verdsmeister på nyckelharpe, Emilia Amper, og frå India Murad ali Khan på instrumentet sarangi. Peyo Peev kjem frå Bulgaria og spelar gadulka.