Samarbeid med Førde kulturskule

eitt av instrumenta festivalen må skaffe til årets festival, er ei harpe til catrin finch. ho kjem til førde saman med seckou keita. 

eitt av instrumenta festivalen må skaffe til årets festival, er ei harpe til catrin finch. ho kjem til førde saman med seckou keita. 

Førdefestivalen har opp gjennom åra hatt eit nært og godt samarbeid med Førde kulturskule om instrument og utstyr. Kvart år har festivalen ein jobb med å skaffe ein del instrument til musikarane som skal spele. Det handlar særleg om store instrument som er vanskeleg eller risikable å frakte til Førde. I år har festivalen investert i ein kontrabass og eit slagverk - og gjennom samarbeidet med kulturskulen, får elevane der bruke desse proffe instrumenta til sine konsertar.  

- Gode instrument har ikkje godt av å bli brukt nokre få gonger i året, for så å bli ståande og støve ned på eit lager. Difor har vi inngått eit samarbeid med kulturskulen, slik at dei brukar  instrumenta, lagrar dei, forsikrar dei og held dei ved like, seier Bjørkum. I tillegg blir instrument og utstyr leigd ut til andre, som Opera Nordfjord og Jazz på Jølst.

- Til sommarens festival må vi forresten skaffe ei harpe til Catrin Finch som skal ha konsert saman med Seckou Keita. Harpe er sjeldan kost på festivalprogrammet, så det blir nok ikkje aktuelt å kjøpe inn. Her satsar vi på å få leige eit godt instrument, og få det på plass i tide, seier festivaldirektøren, og har tru på at det skal gå bra.  

Les artikkelen i Firda om samarbeidet mellom festivalen og kulturskulen.