TO I TAKT
To i takt er ei fysisk og nær folkedansframsyning om relasjonen mellom to unge menn. Møtet mellom han som tek plass og han som helst vil forsvinne i mengda vert utforska gjennom halling, pardans og akrobatisk samspel. I kontrasten mellom det å vere sterk og vere sårbar, vere synleg og vere usynleg, opnar det seg eit rom for refleksjon: Kan vi klare å finne ei felles takt, sjølv om vi er svært ulike?
Framsyninga byggjer på tradisjonell folkedans og folkemusikk og passar for alle aldersgrupper. Forteljinga forma av aktuelle og relevante hendingar og ekte møte som både utfordrar og rører oss. Kanskje handlar det om venskap. Kanskje om brorskap. Kanskje om kampen i livet du ikkje alltid må kjempe åleine. Nokre gonger må vi falle for å reise oss sterkare.
Torer vi å miste vårt eige fotfeste for å bere ein annan som står i fare for å miste sitt?
Håkon Odden - koreograf og dansar
Ådne Kolbjørnshus - medskapande dansar
Sindre Tronrud - musikar og komponist
Mogleg turnéperiode: onsdag 23. - søndag 27.september 2026