Nortopia
Eit nytt stjerneskot i folkemusikkverda! (Gabriel Fliflet)
Turnéperiode: 25.-29. oktober
Med eit godt tak på folkemusikktradisjonen frå Vestlandet, har Nortopia kome som eit friskt pust inn på den norske folkemusikkscena. Saman har dei utvikla eit varmt og særmerkt uttrykk der klang, rytme og nærleik står sentralt, og der tradisjonsstoffet blir løfta fram i eit moderne, lyrisk og leikent samspel. Dei tre musikarane eksperimenterer med instrumenta sine roller og byggjer bru mellom hardingfele- og toradartradisjonen. Ambisjonen er å gjera musikken levande for eit samtidspublikum, utan å miste forankringa i tradisjonen. Nortopia spelar drivande god dansemusikk, og Gabriel Fliflet omtalar dei som «eit nytt stjerneskot i folkemusikkverda – dei speler saman som om dei har gjort det eit halvt liv allereie».
I vinter kom den sjølvtitulerte debutplata, Nortopia, og hausten 2026 er dei klare for turné i VestaFolk-regi.
Johanne Løkensgard Mjøs - hardingfele/fele,
Ingrid Standal Sørheim - durspel
Kristian Wolski - cittern