Mojna
Mojna - foto: Frederick Kihle
Nordisk folkemusikk i smakfull og intrikat innpakning
Trioen Mojna har markert seg som kreative tolkarar av nordisk folkemusikk i kombinasjon med nyskriven musikk der kontrapunktiske element og improvisasjon står sentralt. Med fingerstyle-gitar, hardingfele og bassklarinett, har dei skapt eit litt uvanleg lydbilde, som har vorte sjølve signaturen deira.
Dei har gjeve ut tre album: Før sola skin’ på tak (2022), Väntenätter (2024), som fekk Folkelarm-nominasjon og karakteren ‘6 av 6’ hos NRK sin platemeldar. Thomas Eriksson, som står for det meste av komponeringa, vart også kåra til Årets Komponist under den svenske Folk- & Världsmusikgalan for musikken på plata. Tredje album, Mareld, kom i oktober 2025.
Dag & Tid skriv: Ein utbreidd bruk av kontrapunkt (stemmer som likeverdig kryssar kvarandre, gjerne i ulike rytmemønster) er ikkje den mest brukte teknikken innan den moderne folkemusikken. Men her fungerer det svært godt, og det medfører ein detaljrikdom som gjer at ein oppdagar noko nytt kvar gong ein lyder til musikken.
Instrumentsamansetjinga kan lett få ein til å tenkja seg at fela speler melodi, gitaren kompar med akkordar og bassklarinetten held seg til basslinjene. Men slik er det ikkje. Melodiane går på kryss og tvers, av og til spelar dei unisont, og det heile er ganske komplekst samstundes som det spelar på lett tilgjengelege stemningar som energi eller melankoli
Thomas Erikson – gitar
Anna Malmstrøm – bass-klarinett
Tuva Færden – hardingfele