Bríd Harper & Magnus Wiik

Irsk folkemusikk i fele-gitar-format!

Bríd Harper og Magnus Wiik møttest i 2022 for ein impulsiv turné idet Noreg var på veg ut av  pandemien. Saman med Tony O’Connell debuterte dei på Riksscenen sin første Norse Gaels-festival, og same år spelte dei også på Førdefestivalen. Med fele og gitar dyrkar dei irsk folkemusikk i tett og dynamisk samspel. Einaste gimmick er at det skal vere drivande og dansbart!

Bríd Harper (fele) kjem frå Castlenn i Donegal, og er rekna som ein av dei beste. Punktum. Ein sånn felespelar som andre i feltet snakkar om med ærefrykt. Soloplatene hennar står att som klassikarar i sjangeren.

Magnus Wiik (gitar) er for mange kjend gjennom bluegrasband som Open String Department og Julie & The New Favorites. Han er geniforklart når det gjeld å tolke musikk. Før bluegrasen, tidleg på 2010-talet, turnerte Wiik med irsk folkemusikk på alle festivalar der irsk stod på plakaten, og spelte med namn som Gerry O’Connor, Ronan Ryan og Tony O’Connell.

Forrige
Forrige

Mojna

Neste
Neste

Sudan Dudan