Sudan Dudan

Anders Røine og Marit Karlberg i Sudan Dudan kjem på vestlands-turné i haust!

Sudan Dudan duoen med Anders Erik Røine og Marit Karlberg, har eit trufast publikum i folkemusikkmiljøet og langt utover det. Dei står fjellstøtt i tradisjonsmusikken gjennom song, langeleik, fele og munnharpe, men finn også inspirasjon i både country, bluegras, ørkenblues og salmesong. Sudan Dudan har eksistert som duo sidan tidleg på 2000 og er kjende for eit nedstrippa og rått lydbilde. Gode tekstar, tette harmoniar og spenstig improvisasjon. Duoen har gjeve ut fire plater. Den siste, Heimen der ute, kom etter i 2018 – og vart omtalt slik i Folkemusikk: «Det finnes en rekke gode duoer her i verden. De beste av dem skaper en ny stemme ut fra to eksisterende, og ofte også noe ganske nytt fra etablerte formler. Det har også Sudan Dudan gjort.»

Les meir på heimesida deira

Neste
Neste

Qvam/Plassen