NATT PÅ TEATERET
Førdefestivalen + Teater Vestland = sant ❤️
Saman lagar vi Natt på teateret torsdag 2. juli etter opningskonserten og inn i dei seine timar. Her skal vi skape den beste festivalstemninga, der du går frå konsert til konsert med dei fine festivalartistane, både på dei faste scenene Teatersalen og Scene to, men også der det elles er plass til ein musikar eller to. Dansing blir det også, og plass til mingling, mat og drikke både inne og ute når Røyst Mat & Vin har ope heile kvelden. Ta med deg gjengen og bli med på festen!
Her er kveldens artistar:
Caamaño & Ameixeiras frå Galicia, Spania
El Pony Pisador frå Catalonia, Spania
Indre Sunnfjord Spelemannslag
Studentar frå Norges musikkhøgskole