Klubb Komle på tur

og Gasper Nali Band / DJ Daeva

Det blir musikk i to etasjar - på ein billett - når Klubb Komle, Bergens eigen folkemusikk-nattklubb, tek turen direkte frå Det Vestnorske Teateret til Førdefestivalen og Larris Scene. I biblioteket, ein etasje opp blir det afrikanske god-rytmar med Gasper Nali Band frå Malawi.

Klubb Komle serverer dansbar husmannskost i klubbformat og presenterer noko av det feitaste innan folkemusikk akkurat no. På menyen står fleire rettar med dei lekraste folkemusikkblandingane. 

Vi startar med å lære bort nokre grunnsteg i folkedans, så alle får prøve seg på litt springar, halling og anna norsk, før du får du innføring I kosakkdansar, kolomyjka, mazurka og anna når geniale polsk-ukrainske HrayBery vert ein del av Klubb Komle-menyen denne kvelden. Deretter skrur vi opp både bassen og temperaturen når Folksomt Musikkollektiv serverer rykande fersk folketechno, før DJ RADSEN rundar av kvelden og held stemninga oppe med sine dunkle beats og raritetar.  

Bli med på Larris Scene og ein kveld med snurring, snacks og svette!

Program:

PÅ LARRIS SCENE

22.30 Folkedanskurs med Are og Lars

23.20 HrayBery

00.00 Folksomt

O1.15 DJ Radsen

PÅ BIBLIOTEKET

22.30 Gasper Nali Band

23.45 DJ Daeva

Folkedansinstruksjon med Lars og Are 

HrayBery 

Folksomt Musikkollektiv

DJ RADSEN


Gasper Nali Band / DJ Daeva

Gasper Nali har vore litt av eit internettfenomen sidan 2015, då ein gammal video av songen hans «Abale Ndikuwuzeni» gjekk viralt på YouTube, Facebook og Twitter, og har passert 20 millionar visingar.

Han spelar på sin sjølvlaga babatoni, med pinne i eine handa og i den andre ei tomflaske, brukt som ein gitarslide. Rytmen kjem frå ei kraftig basstromme trekt med kuskinn, driven av ein avansert fotpedal. Resultatet er ein intens og drivande lyd, som fyller rommet aleine.

Gasper sin musikk har røter i Kwela-tradisjonen, ein musikkstil som oppstod i Sør-Afrika først på1900-talet, der lokale musikktradisjonar vart blanda med musikken til malawiske innvandrararbeidarar. Seinare kom stilen tilbake til Malawi med musikarar som vende heim.

Gasper har teke denne arven vidare, og forvandla babatonien til eit akkompagnerande instrument, og sjølve motoren i ein heilt unik musikalsk stil.

Gasper Nali – babatoni, vokal

Devie Luhanga – perkusjon, vokal

Mattias Stålnacke - gitar

Etter Gasper Nali band tek DJ DAEVA over:

Rytmar reiser i verda omtrent slik menneska gjer; dei kryssar hav, plukkar opp språk på sin veg – og så ein stad endar dei opp med å danse saman. Daeva inviterer publikum til ei verd av lydar og rørsler på tvers av alle våre sju kontinent, så her er det berre å opne opp sansane og gje seg i kast med dansegolvet.

KONSERT

Laurdag 4. juli kl. 22.30
Klubb Komle på tur / DJ Radsen + Gasper Nali Band / DJ Daeva
Larris Scene og Biblioteket, Scandic