Festivalnatt: Mitsune / Las Karamba

Laurdag 5. juli kl. 23.00 | Sunnfjordsalen, Scandic
NB! Kl. 22.30 - 23.00 Dropp-inn lynkurs i latindans (gratis)

Fyller du 35 år i år? Då spanderer vi billetten på festivalnatta med Mitsune og Las Karamba. Klikk inn på kjøp billett-knappen under og hent ut ein fribillett. NB! Leg.plikt.

Festivalnatta er den dansande rytmiske laurdagskvelden på festivalen. Her blir det svinga opp med musikk i mange taktartar frå to internasjonale band i toppsjiktet!

I år får du først MITSUNE (til venstre), eit japansk folk-fusjonsband som heidrar og moderniserer den japanske shamisen-tradisjonen. Ikkje høyrt om den? Det er ikkje så nøye, sjekk bildet (over) og videoen (under), og berre tenk deg at dette er fire musikarar som gjer si greie - på sin heilt spesielle måte - og har teke musikkverda med storm! Det er humoristisk og energisk og spekka med uventa visuelle uttrykk, vi trur du vil digge. For ikkje å seie elske!

Så kjem LAS KARAMBA - eit sekskvinners latinband som blandar son, cha-cha-cha, salsa, timba med innslag frå rap og urban musikk. Med røter i Venezuela, Cuba, Catalanonia, Frankrike og Argentina, har dei drøssevis av rytmar og tradisjonar i botn - og vi kjenner oss ganske sikre på at dei vil klare å lokke eit musikkelskande festivalpublikum ut på dansegolvet. Det skal nemleg godt gjerast å stå stille når Las Karamba sin musikk strøymer frå scena.

Konserten er ein del av festivalpasset, men du kan sjølvsagt også kjøpe enkeltbillett. UNG-rabatt for dei under 30 år!