LENDMENN

Lendmenn, vinnarar av gruppespelet på Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2017. Foto: Johannes Selvaag

Lendmenn er ei gammaldansgruppe frå Ottadalen som gjennom fleire år har etablert seg som ei av landets beste grupper innan sin sjanger. Etter å ha spelt gruppespelfinale på Landsfestivalen i gammaldansmusikk kvart år sidan 2010, gjekk dei i 2017 heilt til topps, og sikra seg dermed speleoppdrag på Førdefestivalen i 2018.  

Lendmenn vart starta i 2005, og har lagt seg på ei ungdommeleg og utadvend linje i spelet sitt. Repertoaret er tufta på musikk etter lokale spelmenn frå Ottadalen og elles i Gudbrandsdalen, men dei tek og i bruk leikar frå andre område i landet òg. I tillegg har Øyvind laga fleire melodiar som Lendmenn har teke i bruk og som har vorte godt motteke av publikum

 

Bjørn Kåre Bråten Odde | fele

Steinar Odde | gitar

Mads Erik Odde | trekkspel

Bjarne Odde | kontrabass

Øyvind Sandum | trekkspel


torsdag 5.juli kl.22 danseglede!
festsalen, førdehuset

Manuelt sal av enkeltbillettar på Billettkontoret i Førdehuset.
Festivalpass/ billett til opningskonserten gjev fri entré. 

Forrige
Forrige

Klangen av Astrup

Neste
Neste

Linda Eide