Klangen av Astrup

NYPRODUKSJON frå Førdefestivalen

Nikolai Astrup er ein av Noreg sine mest folkekjære og anerkjende bildekunstnarar. Han vaks opp og budde det meste av livet sitt i Jølster. Her henta han inspirasjon og motiv til særeigne skildringar av natur og folkeliv. Interessa for folkekulturen var stor, og særleg synte han omtanke for den lokale folkemusikken og -dansen. Han var god ven med spelemannen Johannes B. Nedrebø, og saman med kona, Engel, arrangerte Astrup springarkurs og dansefestar på låven. I fleire av bilda hans finn vi framstillingar av spelemenn og dansarar som syner motiva i springaren dei dansa i Jølster på Astrup si tid.

I Klangen av Astrup ser vi på Astrup med folkemusikalske auge. Vi lar nokre av våre fremste lokale folkemusikkutøvarar teikne sine bilde av den mangfaldige kunstnaren, og setje til fargar frå folkemusikken og dansen sin rikhaldige palett. I Astruptunet, kunstnaren sin eigen heim, vert det intimkonsertar, samtaler og betraktningar om kunstnaren sin klang i arbeid og fritid. Produksjonen skjer i samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

ERLEND APNESETH hardingfele
SIGMUND EIKÅS hardingfele
EMIL HORSTAD trekkspel
KYRRE EIKÅS OTTERSEN tekst
INGER FUREVIK dans
BJØRNAR SLÅTTEN dans
JAN ARNE FLUGEKVAM dans
LAILA BØ FLUGEKVAM dans
BRITA JORDANGER KIRKEEIDE dans
GISLE JORDANGER KIRKEEIDE dans

Idé og produksjon: Førdefestivalen
Produsent: GRO MARIE SVIDAL


SØNDAG 8. JULI KL. 11.30 KLANGEN AV ASTRUP
ASTRUPTUNET, JØLSTER

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Jyotsna Srikanth

Neste
Neste

LENDMENN