Linda Eide

Linda Eide

Konferansier på festivalgalla

Forfattaren, journalisten og NRK-profilen Linda Eide frå Voss står bak TV-suksessane Norsk attraksjon, Smash og Eides ‘språksjov’. Nynorskikonet Linda Eide har motteke fleire prisar for TV-programma sine, der ho med stor presisjon kombinerer humor og opplysning. Det er all grunn til å glede seg til å oppleve ho som konferansier i Førde. Og - det er sjølvsagt godt mogleg vi får ein blokkfløyteslått på kjøpet!


Laurdag 7. juli kl. 20.30 Festivalgalla
Idrettshallen, Førdehuset

 

Silje Onstad Hålien - foto: Tanja Steen

Silje Onstad Hålien

Konferansier på opningskonserten

Dansaren, skodespelaren og koreografen Silje Onstad Hålien kjem frå Vang i Valdres, og er mellom anna kjend for framsyninga ‘101 hattar å sparke før eg døyr’ (Førdefestivalen 2016) og gjennom rolletolkingar som Fossegrimens dotter på Det norske teater og Smirre Rev på Västanå teater. I 2015 vart ho kåra til Årets folkemusikar, og i februar/mars var ho Månadens artist på Riksscenen. Onstad Hålien står også bak framsyninga Dei gamle er eldst (fredag 6. juli i Storsalen, Førdehuset) som er produsert i samarbeid med Førdefestivalen, Hilmestemnet og Riksscenen - og Villniss Dansekompani, som ho driv saman med Andreas Ljones.


Torsdag 5. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Dansen i musikken - musikken i dansen!
Idrettshallen, Førdehuset


Fredag 6. juli kl. 16.30 Silje Onstad Hålien: Dei gamle er eldst
Storsalen, Førdehuset

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

LENDMENN

Neste
Neste

Majorstuen - Skrible