RØTER blir tema for Førdefestivalen 2024

TUVA FÆRDEN SKRIV TINGINGSVERKET TIL FØRDEFESTIVALEN 2024.
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

 

Pressemelding 14. desember 2023

Med Røter som tema, går vi rett inn i sjølve kjernen av Førdefestivalen, seier direktør Sølvi Lien. Heilt frå byrjinga i 1990 har festivalen sin visjon vore å vise fram det store mangfaldet i den musikalske kulturarven i verda. Til sommaren set festivalen eit særleg fokus på kulturarv og tradisjon, og kva som skal til for å gjere desse aktuelle for framtida. Røter blir tema på sjølve musikkfestivalen, og på Førdekonferansen torsdag 4. juli, vert temaet utvida til å gjelde heile kunstfeltet. Konferansen har fått tittelen Røter og føter.

Musikalske møte i ei uroleg tid

I ei tid då verda er prega av polarisering og konfliktar, gjev det ekstra meining å skape musikalske møte på tvers av kulturar og andre skiljeliner. Vi leitar etter historiene som kan byggje bruer mellom det ukjende og kjende, mellom tradisjon og nyskaping, mellom individ og gruppe, mellom det universelle og det personlege. - Førdefestivalen vil presentere musikktradisjonar som har heilt spesielle særtrekk, men også vise korleis folkemusikk frå heilt ulike kulturar kan ha noko felles, seier Lien. I vårt moderne, globaliserte samfunn møtest kulturar og tradisjonar meir enn nokon gong - og påverkar kvarandre.

Røter for framtida

Røtene våre er med på å definere vår kulturelle identitet eller ståstad. Røter har med fortida å gjere, men røter peikar også framover. Blant musikarar, og ikkje berre folkemusikarar, er interessa for å fordjupe seg i arkiva større enn nokon gong. -Arkivmateriale er ei viktig kjelde til nyskaping. Det ser vi svært mange døme på, både her til lands og i andre kulturar, seier Lien. Slik vert tradisjonar vidareutvikla og aktualiserte for framtida. På Førdefestivalen 2024, vil du møte artistar frå heile verda som gjer nettopp dette - fører tradisjonar vidare til komande generasjonar og nye publikummarar.

 
 

TUVA FÆRDEN
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

 
 

Tuva Færden med tingingsverket Greiner

-Tuva Færden er ein artist eg har følgt sidan ho var med i det internasjonale talentprosjektet på Førdefestivalen i 2012, fortel festivaldirektøren. Ho er både musikar, songar, dansar og komponist, ein etterspurd artist som også har vore tilbake på scena i Førde ved fleire høve. Festivalen ønskjer å løfte unge ambisiøse folkemusikarar, og denne gongen ville vi gje Tuva førarsetet.

- Då Sølvi Lien ringde meg og spurde meg om å stå for tingingsverket til Førdefestivalen i 24, tenkte eg først: Vågar eg? Så mange dyktige artistar frå heile verda har glitra på denne scena! Men, å få eit slikt spørsmål gav meg også mot. Det opna opp eit rom og gav meg ein sjanse til å gjere noko av det eg likar aller best, å møte menneske på tvers av ulike kulturar, gjennom musikalsk formidling, seier Tuva Færden.

Røtene våre strekkjer seg langt. Lenger enn vi trur. Musikk er eit urspråk med røter som kan strekke seg heile vegen frå Norge, til den persiske og indiske musikken. Frå Japan, til Brasil og heile vegen tilbake til den norske hardingfela, seier ho vidare. Musikarane eg har valt å ha med meg i dette prosjektet har alle, i tillegg til sterke røter, ei heilt eiga evne til å strekke ut greinene sine og røre oss ved berre å vere til stades: Javid Afsari Rad på santur, saz, vokal, Luiz Murakami på gitar, shakuachi, vokal, Jo Berger Myhre på  kontrabass og el.bass og Michaela Antalová på perkusjon, fujara. -Eg kjem til å bruke enkle sceniske verkemiddel og litt dans, men hovudfokus blir på musikken – der eg verkeleg ønskjer å utforske det vakre som finst i konstellasjonane mellom djupe røter.  

-Det er alltid spennande med tingingsverk, og vi er sjølvsagt svært glade for at Tuva Færden sa ja, og at ho har funne ein så fin tittel på verket sitt: Greiner, seier Sølvi Lien.


 
 

SØLVI LIEN - DIREKTØR FØRDEFESTIVALEN
Foto: Lieve Boussauw

 
 

Røter og føter – på Førdekonferansen 

Røtene våre ber vi med oss, og dei skapar ein felles ståstad. Røter er viktige for identiteten vår, vil mange hevde. Kva slags røter? Kva slags identitet? Kva er kulturarv og verdsarv? Dette er spørsmål vi stiller og tema vi drøftar på Førdekonferansen. Konferansen vert leia av den tidlegare TV-profilen Astrid Versto frå Vinje, som også har vore informasjonssjef ved Det kongelege hoff, kommunikasjonssjef i Utanriksdepartementet, og EU-råd ved fleire av ambassadane våre.

Sigbjørn Nedland, skaparen av Jungeltelegrafen, radioprogrammet med ‘den andre musikken’, er også stadfesta til konferansen. Nedland kom i haust ut med boka Kultur – retur: musikkens reiser i historien og geografien. Ein annan som kjem til konferansen er forfattar og leiar i Norsk forfattarforening, Brynjulf Jung Tjønn. Han deltek i eit innslag kuratert av Tekstallianse og Rom for ord. -Programmet for konferansen vert oppdatert etter kvart, og opnar for påmelding tidleg på nyåret.

-Førdekonferansen har etablert seg som ein viktig kulturkonferanse i regionen vår. Den er eit viktig tilskot til festivalen, og gjer det mogleg å gå i djupna på festivaltemaet. Vi inviterer både norske og internasjonale innleiarar, og søkjer å gjere konferanseprogrammet aktuelt for heile kulturlivet, i følgje festivaldirektøren. Ho ser fram til å sleppe fleire godbitar frå både festivalprogram og konferanseprogram så snart vi kjem over i det nye året, og sjølvsagt til å presentere heile programmet rundt påsketider.


Kontaktpersonar Førdefestivalen:

Sølvi Lien, direktør - epost: solvi@fordefestival.no - mobil 41 69 23 78

Torill Gundersen, kommunikasjonssjef - epost: torill@fordefestival.no - mobil 90 73 85 27

 
Forrige
Forrige

Heile programmet er klart!

Neste
Neste

Reis for 299,- med buss frå Bergen til Førde!