DRAUMAR er tema for Førdefestivalen 2023

Vi er superstolte over endeleg å kunne presentere Leyla McCalla i Førde!

 
«Vi må la drømmen om det gode styre våre handlinger – våre valg. Og vi må skape nye drømmer! «Bare en drøm», sier snusfornuften. Da har den glemt at drøm skaper virkelighet.»
— Rosemarie Köhn
 
 

-I år vil vi leike oss litt. Fantasere, drøyme og finne gleda i musikken, seier festivaldirektør Sølvi Lien. 5.-9. juli 2023 inviterer den nybakte direktøren til den 33. Førdefestivalen, og temaet for årets festival er Draumar. -Musikk er som skapt for draumar, seier ho, og lovar konsertar med både sirkus, akrobatikk, magi, mystikk, surrealisme og overtru. Festivalen skal feire gleda og mangfaldet i musikken, men vil som vanleg ha med alvoret, for kva skjer den dagen hendingar som krig og ekstremisme set ein stoppar for draumane?

Kader Tarhanine kjem med moderne tuareg-musikk frå Mali.

Draumen om fridom

Førdefestivalen ønskjer å skape forståing på tvers av kulturar, religion og tradisjonar, seier direktør Sølvi Lien. - Gjennom musikken kan ein drøyme seg bort, og i musikken kan ein vere fri. Draumen om fridom er ei viktig drivkraft for fleire av artistane du får høyre på Førdefestivalen i sommar. I prosjektet Breaking the Termometer to hide the fever hentar haïti-amerikanske Leyla McCalla (Carolina Chocolate Drops) fram den sterke historia til radiostasjonen, Radio Haiti, som vart folket si stemme i kampen mot tyranniet til den eineherskande presidenten, og det dei ofra for draumen om fridom.

Kader Tarhanine er den nye perla i moderne tuareg-musikk. I heimlandet hans, Mali, er alle draumar om musikk og kultur knuste av politiske og etniske konfliktar som har rasa i landet sidan 2012. Våre kollegaer i festivalen Festival in the Desert har ikkje kunne arrangere festival sidan det. Med støtte mellom anna frå den norske ambassaden i Mali, legg dei i staden internasjonale turnéar. Årets turné er «Festival in Exile Caravan» med artisten Kader Tarhanine, og går gjennom Europa og Nord-Amerika. Ein ikkje-valdeleg protest mot intoleranse og det ekstremistar gjer mot kulturen i Mali og andre land. – Det blir ei glede å ta i mot Tarhanine i Førde, og bidra til at draumen om å få ut musikken blir verkeleg.

Daniel Lazar komponerer verket Phantasmagoria, som får urpremiere på Førdefestivalen.

Talentet frå Serbia

Daniel Lazar er frå Serbia. Han kom til Norge første gong for 10 år sidan som deltakar i Førdefestivalen sitt internasjonale talentprosjekt. Etter studiar på Norges Musikkhøgskole er Daniel Lazar på full fart inn i ein solid internasjonal karriere, og i år har han fått oppdraget med å lage tingingsverket for festivalen i Førde. Verket har fått tittelen Phantasmagoria, og viser til draumar og opplevingar Lazar har fått på si reise frå Balkan til Skandinavia. -Eg ser føre meg at verket skal vere ein kombinasjon av tradisjonell og moderne folkemusikk, med element av improvisasjon og elektronikk, seier han. Phantasmagoria vil sjølvsagt spegle det faktum at eg er påverka av tradisjonane både på Balkan og i Norge, og eg vil ha med både norske og balkanske musikarar.

Det blir sirkus og folkemusikk i skogen, med to musikarar og to sirkusartistar i Knekke Greine.

Finsk fyrverkeri og svensk akrobatikk

I år får vi endeleg besøk av Johanna Juhola frå Finland. Dette fyrverkeriet av ein trekkspelar kjem med ein leiken konsert ho har kalla Imaginary Friends. Her spelar ho duett med nokre av venene sine, som ikkje er med på scena, men til stades på film. Uteframsyninga Knekke Greine frå Sverige kombinerer sirkus-akrobatikk og folkemusikk. Små grupper med publikum blir tekne med ut i skogen der to sirkusartistar og to musikarar gjev dei heilt spesielle opplevingar. -Dei som står bak Knekke Greine er svært opptekne av å ta vare på skog og natur. Med framsyninga vil dei få oss til å sjå naturen og skogen med nye auge, seier Lien.

Drøymande musikk frå Estland

Duo Ruut er to musikarar og eitt instrument. -Katariina Kivi and Ann-Lisett Rebane er duoen alle snakkar om i bransjen for tida, forklarer Sølvi Lien. Dei brukar den estiske zitheren på ein heilt ny måte og komponerer drøymande, ungdommeleg og spennande musikk, med bakgrunn i den estiske folkemusikktradisjonen. Det er litt genialt!

Førdekonferansen torsdag 6. juli: Draumar vi ber på

Den viktige kulturkonferansen blir leia av tidlegare kulturkommentator i NRK, Agnes Moxnes, og tek i år  opp spørsmål om kven som har makt til å oppfylle draumar innan kulturlivet, og kva mekanismar som spelar inn for at nokon får oppfylt draumane sine, medan andre må late dei fare. - På konferansen får du høyre både norske og internasjonale stemmer frå kulturlivet, forsking, media og tilskotsytarar, fortel Lien.

 

Første artistslepp pr. 19. januar:
Leyla McCalla
– USA, Johanna Juhola – Finland, Kader Tarhanine – Mali, Daniel Lazar – Serbia/Noreg, Duo Ruut – Estland, Knekke greine – Sverige..
og mange, mange fleire namn kjem til.

Fullt festivalprogram vert lansert 30. mars.

Påmeldinga til Førdekonferansen er open frå 20. januar.

 
Forrige
Forrige

Heile programmet for Førdefestivalen 2023 er klart!

Neste
Neste

Marion Mulelid tilsett som ny produsent for Førdefestivalen