Førdefestivalen 2022 med eitt ord: Fantastisk!

Sona Jobarteh gjorde ein strålande figur med sin konsert i Idrettshallen. Foto: Lieve Boussauw

 

-Etter to spesielle år, var det utruleg godt å lande ein fullskala førdefestival med fulle konsertsalar, dans til langt på natt og nydelege musikkopplevingar på alle våre mange små og store arenaer, fortel direktør Per Idar Almås. -Festivalen har gjennomført 70 konsertar og arrangement, på 30 ulike scener, og tilbakemeldingane frå publikum og artistar er overstrøymande og fantastiske. Kanskje er det ein av dei aller beste festivalane, med eit aktuelt tema, Musikk i kriser, og eit sterkt og variert program med spennande og ekstremt gode artistar, seier Almås.

-Årets førdefestival hadde alt: Vare opplevingar, store felleshendingar og skikkeleg heite klubbkveldar. Kan ikkje ønskje seg meir, særleg når de samtidig klarer å helde fast i festivalen sine intensjonar og ikkje ofrar folkemusikken! Dette var fint å oppleve. Djupdykket i festivalprogrammet stadfesta at Førdefestivalen er alive and kicking! Seier Per Morten Ekerhovd, avdelingsdirektør kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune.

Og ein av dei internasjonale delegatane på årets festival, Kuba Borysiak, journalist i Polsk radio, skriv på si facebookside: Let me say, this is so far one of the best festivals in Europe for sure, concerning great and carefully selected lineup, organisation and incredible hospitality!


Ayom i aksjon på Larris Scene. Dei to klubbkveldane samla mykje unge folk, og stemninga nådde store høgder både fredag og laurdeg. Foto. Lieve Boussauw.

Unik festival for musikkelskarar

På Førdefestivalen får du servert tradisjonsmusikk og moderne folkemusikk frå alle verdshjørne, i år frå Columbia, Uganda, Gambia, Polen, Georgia, Spania, Afghanistan, Sudan, Bosnia, Kongo, Irland, India, Sverige, Skottland og Norge. Festivalen har fokus på kvalitet, og har heile tida musikken er i sentrum. – Vårt mål er at publikum verkeleg skal kunne nyte god musikk, same kva for ei av dei 30 scenene våre dei besøkjer, fortel Almås. Noko av det som varma aller mest på festivalen i år, var å sjå så mange unge som skapte topp festivalstemning på klubbkveldane på Larris Scene og i Sunnfjordsalen på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa fredag og laurdag.

Trekløveret Akselsen, Kvernberg, Carstensen var eit svært populært innslag på festivalen. Her frå deira eigen konsert midt på dagen fredag, på Larris Scene. Fullt hus! Foto: Heidi Hattestein.

Flystreik og regn gav utfordringar

At veret var vått og til dels kaldt, gav ikkje anna utslag enn at det var mindre folk enn vanleg på eit par  utearrangement. Særleg var laurdagen utfordrande vêrmessig, så festivalfrukosten, der festivalen i samarbeid med NKL Sogn og Fjordane (kokkelauget) inviterer heile byen på gratis frukost og underhaldning, og konserten på Hafstadfjellet hadde langt færre pubikummarar enn vanleg. Dei fleste konsertane innandørs hadde godt besøk, og det var mange fulle hus på festivalen. -Også på den opningskonserten og gallakonserten var det litt lågare publikumsoppslutning enn vanleg. Dette var venta, og er også i tråd med det andre festivalar opplever. Ikkje alle er klare for å gå på konsertar igjen, men kjernepublikummet vårt har teke imot festivalprogrammet med opne armar.

Frå opningskonserten, som vart ei mektig oppleving, der temaet for festivalen, Musikk i kriser, vart løfta fram. Foto: Lieve Boussauw.

Streiken i SAS gav ekstremt mykje ekstraarbeid, men festivalen klarte å få alle artistar både til Førde og ut igjen, utan at det vart avlysingar. -Vi måtte avlyse ein konsert i Balestrand onsdag kveld, då to av musikarane ikkje kom seg fram i tide pga teknisk feil på fly, forklarer Almås. Alt i alt noterer han seg for ein svært vellukka festival, i sitt siste år som direktør på Førdefestivalen.

Kontaktpersonar:
Torill Faleide, kommunikasjonssjef, mobil 90 73 85 27
Per Idar Almås, direktør, mobil 91545603

 
Forrige
Forrige

Folkemusikk heile året med Førdefestivalen

Neste
Neste

Alt kunsten kan berge