To draumeprosjekt på årets festival

Ti på taket - her fotografert på Oslofolk av Knut Utler.

 

Irene Tillung leiar og har sett saman Ti på Taket. Javi Asfari Rad leiar og har sett saman NOWOR. Begge står i spissen for store ensemble av musikarar frå ulike sjangrar og kulturar, og dei har også ein annan ting felles; begge definerer prosjekta sine som draumeprosjekt.

Vossingen Irene Tillung er utdanna ved Norges musikkhøgskule. Ho kom i kontakt med folkemusikk medan ho var i Oslo, og sidan har ho via stadig meir tid til det. Dei siste åra har ho hatt mange jarn i elden, med ni plateutgjevingar, turnear med Tindra, Frøholm/Tillung, Maar og Eli Storbekken og, ikkje minst, musikk til den fire timar lange Gerhardsen-Dokumentaren.

I 2017 sette ho saman Ti på Taket som debuterte med plata Hildresyn.

Først då eg flytta tilbake til Voss etter 19 år i hovudstaden, fann eg ro og energi til å utvikle prosjektet eg drøymde om.

Tingingsverk-komplikasjonar

I 2020 skreiv Irene Tillung tingingsverk til Vossa Jazz, som vert arrangert i palmehelga kvart år. Deretter var planen å framføre tingingsverket på Førdefestivalen. Det året vart begge festivalane som kjent avlyste. Så skulle planen gjennomførast i år, men då Vossa Jazz i staden for å avlyse, flytta sin festival til hausten, fall planen i fisk. Tingingsverket kunne ikkje framførast i Førde.

I ein slik situasjon er det godt å ha med løysingsorienterte musikarar. -Irene Tillung foreslo at dei skulle lage ein ny konsert til Førde, basert på tradisjonsmateriale, fortel Sølvi Lien, arrangementsjefen for Førdefestivalen. -Tillung fekk med seg fleire av musikarane i draumebandet sitt, og no kjem dei altså til Førde med den flunkande nye TRAD MED TI PÅ TAKET.

Irene Tillung spelar sjølv akkordeon og accordina, og med seg har ho: Tore Brunborg–saksofon; Erik Sollid–hardingfele; Erlend Viken–fele, oktavfele; Isa Caroline Holmesland–fiolin; Lise Voldsdal–bratsj og fiolin; Kaja Fjellberg Pettersen–cello; Juhani Silvola–gitar; Ellen Brekken–kontrabass og Pål Hausken –tromme.

 

 

Norwegian World Orchestra - fotografert av Nina Holtan.

 

Javi Afsari Rad kjem opphaveleg frå Iran, men har budd i Norge sidan 1986. Musikken hans er ei blanding av den persiske musikken han lærte i Iran og vestleg klassisk musikk. Afsari Rad har etablert mange konstellasjonar opp gjennomåra, og det største er denne Han har danna NOWOR, som er ei forkorting av Norwegian World Orchestra. Her er dei samla, musikarar Afsari Rad har spelt med opp gjennom åra.

— Det er ein draum eg har hatt lenge, å samle musikarane eg har arbeidd med over så lang tid.

På same måte som Tillung, blandar Afsari Rad ulike stilar og sjangrar. NOWOR har eit stort mangfald, ikkje minst når det gjeld ulike tradisjonar og kulturar. Musikarane har bakgrunn i klassisk musikk, medan andre kjem frå folkemusikken i frå Marokko, Iran, Elfenbeinskysten, India, og Senegal. Ved å blande så mange forskjellege tradisjonar, håpar Afsari Rad å skape noko nytt og spennande.

Javi Afsari Rad spelar sjølv persisk santur. Med seg i NOWOR har han: Ibou Cissokho - kora; Sidiki Camara - perkusjon; Harpreet Bansal - fiolin; Emilie Heldal Lidsheim - fiolin; Adrian Fiskum Myhr - kontrabass; Gregor Riddell - cello; Andreas Bratlie - tablas.

 

 
Forrige
Forrige

Ledig stilling og engasjement på Førdefestivalen

Neste
Neste

Musikalsk rundreise på kortreist gallakonsert