Kjær folkemusikktrio på første VestaFolk-turné

Foto: Oddleiv Apneseth

 

Etter påske er det klart for første turné i Førdefestivalen si nye satsing, VestaFolk . Folkemusikktrioen GAMALTNYMALT med Sigrid Moldestad, Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes er klare for 5 konsertar i Vestland fylke. Her er spelferdslista deira:

Her er den nye spelferda:

  • søndag 9.mai Straumsnes grendahus, Fjaler

  • måndag 10.mai Columbi Egg, Bergen

  • tysdag 11.mai Kabuso, Voss

  • onsdag 12.mai Hardanger folkemuseum, Utne

  • torsdag 13.mai Jostedal Hotell, Jostedal

GamaltNymalt er kompromisslause i uttrykket sitt, og spelar mørkt, rått og mysitisk på sine 5-strengs hardingfeler. Felene er laga av Olav Vindal og Magne Straume. Trioen er inspirert av hardingfeletrioen Sigbjørn Bernhoft Osa, Eivind Groven og Alfred Maurstad frå tidleg på 1930-talet.

Trioen vart heidra med Spellemannpris for debutplata, ‘Gamaltnymalt’ (NORCD), i 2005. Året etterpå var dei eit populært innslag på Førdefestivalen og sidan har dei vore i aksjon på konsertscener her og der med jamne og ujamne mellomrom. No er det altså fem fine spelestadar som får besøk av dei populære musikarane i april.

 
Forrige
Forrige

PROGRAMSLEPP UTSETT TIL 15. APRIL

Neste
Neste

Sparebanken Sogn og Fjordane ny hovudsponsor