Heime i verda, heime på Førdefestivalen: Dette er opningskonserten

RIID - Daniel Lazar, Almir Meskovic, Ingrid Jasmin Vogt og Bellali Austria

I år er lyden av Førdefestivalen lyden av mangfaldet i landet vårt. Velkommen Heim og velkommen til opningskonsert! Ingen artistar krysser landegrensene for å spele på Førdefestivalen i år. Likevel representerer dei 24 ulike nasjonar og tradisjonar.

Kvart år er opningskonserten torsdag og gallakonserten laurdag er dei to største konsertane under Førdefestivalen. Her får publikum ei rekke glimt og smakebitar av det festivalen har å by på. For den som har tungt for å velje, gjev desse konsertane eit tverrsnitt av årets festival.

På opningskonserten får publikum møte seks artistar frå åtte ulike musikktradisjonar: Kartellet (Norge), Meelodi (Norge, Iran, Syria), Kajsa Balto (Norge/Sapmi), Hamid Sakhizada (Afghanistan), Kvedarkvintetten (Norge) og RIID (Serbia, Mexico, Spania, Norge). Konferansierar for kvelden er Irene Kinuda Afriyie og Finn Tokvam.

 
 

Kartellet (Norge)

To menn og to kvinner dansar og leikar i Kartellet sitt univers. Eit univers av rå, folkeleg kraft, kombinert med tøvete leik og uventa kombinasjonar.

Å danse staur eller å staure er eit nordnorsk uttrykk for å danse med nokon av same kjønn. Dette var vanleg mellom anna under Lofotfisket der menn dansa med menn på lik linje med å spele kort, slåss og synge. Å danse staur vart på same måte brukt når kvinner dansa saman. Intimsoner mellom menneske er i stadig forandring, og når kan to av same kjønn leike?

Koreografi: Kartellet
Tone Ingvaldsen - dans
Inge Martin Helgesen - dans
Ådne Geicke Kolbjørnshus - dans
Dina Bruun Arnesen - dans
Nina Fjeldet - fele
Mariann Torset - trøorgel

 

 
 

Meelodi (Norge, Iran, Syria)

Bergensgruppa Meelodi består av den iranske vokalisten Medi Farmani, den syriske oudspelaren og vokalisten Nawar Alnaddaf og gitarist Ole André Farstad, kjend for mange som gitarist i black-metal bandet Abbath. Farstad har reist verda rundt og studert tradisjonelle strengeinstrument og perkusjon i verdas kulturar, og desse instrumenta er langt framme i lydbildet til Meelodi. Songtekstar hentar Meelodi frå til den persiske matematikaren, astronomen, filosofen og poeten Omar Kayyam.

Ole Andre Farstad, perkusjon
Medi Farmani, vokal
Nawar Alnaddaf, vokal, oud
Snorre Bjerck, perkusjon, vokal
Torbjørn Hillersøy, bass
Per Jørgensen, trompet, perkusjon, vokal

 
 

Kajsa Balto (Norge/Sapmi)

Urkraft møter det moderne i Kajsa Balto sitt heilt unike musikalske uttrykk, der joik og nordsamisk tekst vert presentert i eit moderne og spennande lydbilde. Albumet Buot eallá (alt lever) vart sleppt i mai 2020, og fekk strålande mottaking hos norske musikkpresse.Tittelen refererer til den gamle samiske trua på at alt i naturen har sjel, og plata er ei samling personjoikar frå Balto si eiga familie og songar som byggjer på tradisjonar frå Sápmi. Musikken vert omtala som vakker, kraftfull og lyrisk; ei utvidande og stemningsfull reise som hyllar moder jord.

Kajsa Balto - vokal
Ragnhild Tronsmo Haugland - cello
David Aleksander Sjølie - gitar
Karoline Bjørhei - trommer, perkusjon
 

 
 

Hamid Sakhizada (Afghanistan)

Med livet som innsats løftar den afghanske musikaren Hamid Sakhizada fram tradisjonen sin, den eineståande hazaramusikken. I årevis har hazarane sin kulturarv og tradisjonar vorte latterleggjorde og undertrykte. Hamid tek tradisjonen på alvor, og formidlar den med varme og innleving. Den høgt respekterte musikaren frå Afghanistan har ein altoppslukande lidenskap for hazara-tradisjonen og damburaen, ein type lutt med to strengar. Damburaen gjev både melodi, akkordar og ein særprega rytme til den vakre afghanske folkemusikken. Saman med indisk fiolin, persisk tromme og norsk munnharpe, vert det skapt eit lydbilde som på den eine sida gjev inntrykk av tradisjon og folkemusikk, men som på same tid er nytt og kreativt.

Hamid Sakhizada - vokal, dambura
Harpreet Bansal - fiolin
Birger Mistereggen - munnharpe, slåttetromme, perkusjon
Kaveh Mahmudiyan - tombak, daf, bandir 

 
 

Kvedarkvintetten (Norge)

Tagal er eit nyskrive verk som utforskar den ordlause delen av folkesongen. Komponert av Jorun Marie Kvernberg for vokalgruppa Kvedarkvintetten. “Tagal” kan omsetjast til å teie still, vere taus eller ordlaus, og verket utfordrar rammene for vokalmusikk ved at tekstelementa er så godt som fråverande. Kvedarkvintetten består av fem folkesongarar frå Hallingdal. Gruppa har vore sentral på den norske folkemusikkscena gjennom mange år. Kvar for seg er dei framtredande utøvarar innan folkemusikk og folkedans, og som kvintett er dei av dei leiande vokalgruppene i Noreg som dyrkar folkesong i a capella format.

Margit Myhr - vokal
Sina Myhr - vokal
Helga Myhr - vokal og hardingfele
Tonje Risdal Liahagen - vokal
Silje Risdal Liahagen - vokal


RIID (Serbia, Mexico, Spania, Norge)

Kva skjer om du blandar rytmar frå Balkan, temperamentet i flamenco og det inderlege i nordiske tonar? Dette spørsmålet er utgangspunktet for RIID, prosjektet som forfører, forbausar og går nye vegar. Artistar frå Mexico, Norge, Bosnia og Serbia/Romania har skapt ‘balkansk flamenco’ - eit nytt og spennande uttrykk.

Almir Meskovic - akkordeon
Daniel Lazar - fiolin
Ingrid Jasmin Vogt - vokal
Bellali Austria - dans 

 

 
Forrige
Forrige

Musikalsk rundreise på kortreist gallakonsert

Neste
Neste

Programendring: Kouame Sereba sin konsert går ut