HEIME blir tema for Førdefestivalen 2021

Årets plakat er skapt av festivalen sin polske designar, Piotr Pucylo.

 

Førdefestivalen, den største folkemusikkfestivalen i Skandinavia, er berre ein av mange festivalar som kjenner på utfordringane med å planlegge store arrangement for sommaren vi har framfor oss. -Å få arrangere festivalar og konsertar igjen er utruleg viktig for kulturlivet, musikarar, bransjen, reiselivet, folk. For oss er det ei drivkraft å få hjula i gang igjen, og festivalen til sommaren vil vere eit første steg i retning av å komme tilbake til normalen, seier Per Idar Almås, direktør i Førdefestivalen. Han ser fram til å lage ein trygg festival med gode musikkopplevingar for små og store.  

I dag, 10. februar, slepper vi temaet for festivalen og dei første 5 artistane. Resten av artistane vert offentleggjort torsdag 25. mars. Då opnar også billettsalet for årets festival.

Ved avlysinga av festivalen i 2020, var planen å utsetje heile programmet til 2021, men alt før jul innsåg festivalleiinga at planen om utsetjing ikkje let seg gjennomføre. Det var ikkje realistisk å tru at festivalen kunne invitere artistar frå alle verdshjørne til Førde til sommaren. I år har derfor festivalen invitert dei beste musikarane på heimebane. -I meir enn tretti år har Førdefestivalen presentert musikarar frå heile verda, men då vi såg at verda også i juli truleg vil vere prega av reiserestriksjonar, bestemte vi oss for å lage eit program med musikarar som er busette i Norge. Publikum vil likevel få oppleve mellom anna indisk raga, klezmer, flamenco, arabiske tonar, balkanrytmar, persisk og irsk musikk, ved sidan av den norske folkemusikken. Verda kjem altså til Førde i år også, men blir ikkje så langreist, seier direktør Per Idar Almås, som i år har valt HEIME som tema for den 32. Førdefestivalen.

Med temaet HEIME vil festivalen peike i fleire retningar. -Det handlar om at alle artistane på programmet i år er busette i Norge. Mange av dei har to heimland, så for dei har kanskje HEIME ein heilt spesiell klang, tenkjer Almås. Vidare er heime der vi alle har vore aller mest det siste året, og heimekjensla er både noko universelt og noko individuelt, og for mange musikarar og kunstnarar er det noko heilt essensielt. 

 

Irene Tillung kjem til Førdefestivalen med draumeprosjektet sitt - Ti på taket. Foto: Vidar Herre.

 

Norsk ti-manns-ensemble

Ein av dei norske artistane på programmet, er Irene Tillung og hennar Ti på taket-prosjekt, som stod på Førdeplakaten i 2020. Som musikar har Tillung klare referansar til årets festivaltema. Heime er ikkje ein plass, men ei kjensle, heiter det, og den kjensla fann Irene Tillung aldri i Oslo. -Først då eg flytta tilbake til Voss etter 19 år i hovudstaden, fann eg ro og energi til å utvikle prosjektet eg drøymde om. Eg ville så gjerne smelte saman alt eg hadde i min musikalske bagasje gjennom heile livet; barneår, studieår og alle åra som utøvande musikar. Det resulterte i ti-manns-ensemblet ‘Ti på taket’ med musikarar frå folkemusikk, klassisk musikk og jazz/populærmusikk. Dei gav ut plata Hildersyn i 2017, og no har Tillung skrive ny musikk til ensemblet som også skal bli plate. Musikken vart skriven til Vossa Jazz i 2020.  

 
 

Kaisa Balto med band. Foto: Ørjan Marakatt Bertelsen

 

Samisk juvel

Samiske Kajsa Balto er oppvaksen i Oslo og har markert seg sterkt dei siste åra med si moderne tolking av eigen samisk tradisjon. Balto kom med si andre plate Buot eallá (alt lever) i 2020, og stod også på plakaten i Førde i fjor. Buot eallá fekk pressa til å juble. Arne Berg i Jungeltelegrafen i P2 kalla plata ein maktdemonstrasjon, og hadde ho med på si internasjonale topp-20 liste då han oppsummerte plateåret 2020. - Heime for meg er det du ber med deg i hjartet. Folka, staden eller naturen. Heimen er kjensla av det trygge, det å høyre til. Når eg lagar musikk finn eg inspirasjon og glede i å søke heimover. Utgangspunktet er ofte eigen familiebakgrunn eller -historie, seier Kajsa Balto, som får to eigne konsertar med bandet sitt under festivalen; ein i Florø og ein i Førde. 

 
 

New Conception of Raga med Rohini Sahajpal, Oddrund Lilja Jonsdottir, Tejasvinee Kelka og Sanskriti Shrestha.

 

Raga for framtida

I prosjektet New Conception of Raga møter vi Sanskriti Shrestha, Rohini Sahajpal, Tejaswinee Kelka og Oddrun Lilja Jonsdottir. Sistnemnde reiste i mange år rundt i verda og spelte med tradisjonsmusikarar i fleire land. Reisene resulterte i plata LILJA - Marble (2020), som lenge hadde arbeidstittelen ‘heim til verda’. Kva er heim? Når er vi heime? Jonsdottir har mange gonger spurt seg sjølv slike spørsmål. -I flyktningleiren Rashedie i Libanon møtte eg vaksne som hadde budd heile livet i leiren, men likevel gjekk og venta på å kome heim - til Palestina, fortel ho. -Det er til å undre seg over korleis vi alle er på veg. Kanskje det er vegen som er den eigentlege heimen vår?

New Conception of Raga er ei slags vidareføring av Bugge Wesseltoft sitt velkjende New Concept of Jazz-prosjekt, og vart første gong presentert gjennom eit samarbeid mellom hans plateselskap, OK World, og Melafestivalen i 2020. Førdefestivalen ser fram til å presentere denne framtidsversjonen av indisk ragatradisjon til sommaren.  

 
 

RIID - foto: Elisa Bates

 

Balkansk flamenco

Daniel Lazar, Almir Meskovic, Bellali Austria og Ingrid Jasmin Vogt i RIID går nye vegar når dei blandar rytmar frå Balkan med inderlege nordiske tonar og temperamentet i flamenco. Med utspring i tradisjonar frå Mexico, Spania, Norge, Bosnia og Serbia/Romania har dei skapt ‘balkansk flamenco’ og eit musikkuttrykk som svingar frå det sitrande stille til eit mektig fyrverkeri av musikk og dans.

 
 

Ole Nilssen og Ingrid Stuhaug er to av distriktsmusikarane som skal skape Tippe tippe tue-framsyninga som får urpremiere på Førdefestivalen.

 

Urpremiere på barnekultursatsing

Tidlegare Sogn og Fjordane fylkeskommune og ei rad kommunar i fylket har dei siste åra gjort ei svært gledeleg satsing på folkemusikken ved å opprette 5 nye distriktsmusikarstillingar og tilsetje høgt profilerte og dyktige folkemusikarar. Førdefestivalen ønskjer å markere denne satsinga ved å nytte desse musikarane i ein profesjonell barneproduksjon. Framsyninga har fått tittelen Tippe tippe tue, og vil ta utgangspunkt i den rike tradisjonen av barnesongar, rim og regler som finst på Vestlandet.

-Musikarane Ole Nilssen, Malin Victoria Alander, Tom Karlsrud, Ingrid Stuhaug og Marin Stallemo Bakke er utfordra til å skape ny musikk og nye arrangement med utgangspunkt i stoff frå musikkarkiva, skriftleg dokumentasjon og frå levande kjelder, forklarer Per Idar Almås. -Ved å gje nytt liv til desse gamle skattane, vil vi skape ny musikk- og songglede blant born og unge. Tippe tippe tue-framsyninga vert produsert i samarbeid med Den Kulturelle Skulesekken Vestland. Dei vil sende den på turné til hausten, men urpremieren vert fredag 9. juli på Førdefestivalen.



Desse artistane er klare for Førdefestivalen pr 10. februar: Kajsa Balto | Irene Tilllung & Ti på taket | New Conception of Raga - Sanskriti Shrestha, Rohini Sahajpal, Tejaswinee Kelka, Oddrun Lilja Jonsdottir | Tippe tippe tue - Ole Nilssen, Malin Victoria Alander, Tom Karlsrud, Ingrid Stuhaug, Marin Stallemo Bakke | RIID - Almir Meskovic, Daniel Lazar, Ingrid Jasmin Vogt, Bellali Austria

Resten av artistane vert offentleggjort torsdag 25. mars. Då opnar også billettsalet for årets festival

 
Forrige
Forrige

VestaFolk - ny turnésatsing i Førdefestivalen

Neste
Neste

Førdefestivalen avlyser Bornas Verdsdag Førde