Det blir festival - og her kan du laste ned programmet

 

Førdefestivalen planlegg fysisk festival med konsertar i store og små salar, der det er mogleg å halde ein meters avstand mellom publikum. Publikumskapasiteten blir truleg sterkt redusert samanlikna med normalår, men vi har valt å bruke arenaer der vi kan ha sitjande sal, og publikum kan ha påkrevd avstand. Med andre ord, på Førdefestivalen i juli kan du i fem dagar fråtse i levande konsertar i rammer som er trygge både for publikum, frivillige og musikarar. Alle musikarane på festivalen er busette i Norge, men musikken deira kjem frå 24 land!

Per i dag er det tillate med maks 100 personar på innandørs arrangement, men så snart/dersom det blir lov å ha fleire inne på konsertane, vil vi legge ut fleire billettar.

HER kan du bla i programbrosjyren, og finne ut kva konsertar du vil gå på . På lenkja der kan du også laste ned brosjyren, så du har den lett tilgjengeleg på mobil, nettbrett eller pc.

Billettar kjøper du HER

Dersom du opplever at ein konsert er utseld, kan du skrive deg på ventelilste ved å sende ein epost til venteliste@fordefestival.no

HER er informasjon om billettypar med meir.

 
Forrige
Forrige

Programendring: Kouame Sereba sin konsert går ut

Neste
Neste

Programmet for Førdefestivalen 2021 er klart