Velkomen til dagsturhyttekonsertar!

Multimusikaren Stein Villa held konsertar på tre av dagsturhyttene i fylket i september.

 

Vi startar hausten med å invitere til konsertar på tre av dagsturhyttene våre, nærare bestemt i Førde, Sogndal og på Sandane (TIN-camp), 22., 23., og 24. september. Den vesle turnéen med multimusikar Stein Villa, er eit samarbeid med Barnas Turlag i dei ulike kommunane.

Stein Villa er ein veletablert musikar og formidlar som til dagleg arbeider ved Mjøsmuseet, der han har ansvar for tradisjonsmusikkarkivet. Han spelar alt frå harpe og langeleik til gitar og eigenproduserte fløyter. Til dagsturhyttekonsertane tek han med seg småinstrument som har samanheng med gamalt seterliv, og sjølvsagt litt av sitt store repertoar av songstubbar og små historier.

Konsertane er gratis, og startar kl. 18.00, og det blir felles avgang frå parkeringsplass kl. 17.15 alle tre stadar, i sambarbeid med Barnas Turlag. Som arrangørar vil vi følgje dei smitteverntiltak som gjeld på det aktuelle tidspunktet.

-Førdefestivalen er sjølvsagt veldig glade for å samarbeide med Barnas Turlag, og vi er også glade for at kommunane har gjeve støtte til konsertane, seier direktør Per Idar Almås. Han trur dette kan bli rett så stemningsfulle turar og ikkje minst konsertar i skumringstimen på slutten av september.

 
Forrige
Forrige

Superreservar til dagsturhyttekonsertane

Neste
Neste

Ei annleis festivalveke