Førdefestivalen 2020 er AVLYST

 

Denne meldinga vart første gong publisert 30. april 2020.

Styret for Førdefestivalen har i dag vedteke å avlyse årets festival, som skulle gått av stabelen, 1.-5. juli. -Det er med svært tungt hjarte vi avlyser den 31. Førdefestivalen, men ut frå restriksjonar som er gjeldande fram til 1. september og smittevernreglar, er det ikkje råd for festivalen å gjennomføre dei planlagde arrangementa i juli, seier styreleiar Arne Osland.

Utset årets program til 2021

Parallelt med vedtaket om å avlyse årets festival, har leiinga i Førdefestivalen bestemt at heile 2020-programmet vert utsett til 2021. -Det betyr at alle artistar som stod på programmet i år, har fått tilbod om oppdrag i Førde neste år, fortel direktør Per Idar Almås. Han håpar dei aller fleste av dei vil takke ja, slik at vi kan presentere desse flotte artistane i Førde 7.-11. juli 2021. -Vi er i ein heilt uverkeleg situasjon, og for ein internasjonal festival som Førdefestivalen, med artistar frå 29 ulike land og arrangement som samlar rundt 25000 publikummarar, finst det ikkje noko anna alternativ enn å avlyse.

Kontaktpersonar:

Per Idar Almås, direktør – mobil 91 54 56 03 – e-post: peridar.almas@fordefestival.no
Torill Faleide, kommunikasjonssjef – mobil 90 73 85 27 – e-post: torill.faleide@fordefestival.no

 
Forrige
Forrige

Ei annleis festivalveke

Neste
Neste

Kongeleg heider til Hilde Bjørkum