GJEV INTERNASJONAL FESTIVALPRIS TIL FØRDEFESTIVALEN

effe2 forde - facebook.png
 

På eit arrangement i Bruxelles torsdag 26. september, vart Førdefestivalen som ein av fem festivalar, heidra med den internasjonale EFFE AWARD. Blant 800 festivalar, hadde ein jury valt ut 24 festivalar til ein finale. Blant desse 24 festivalane var to frå Norge: Førdefestivalen og Festspillene i Bergen. Og Førdefestivalen var altså ein av fem festivalar som gjekk heilt til topps i kåringa, og mottok den gjevaste utmerkinga, EFFE AWARD 2019-2020.

Om Førdefestivalen seier juryen:

Førde Traditional & World Music Festival in Norway provides a remarkable example of excellence as well as artistic and curatorial integrity. July 2019 sees its 30th edition, Førde annually presents 300 artists in 90 acts across 30 venues in concerts, workshops, master classes, children’s events and many other endeavours. It has been a winner of Songlines’ best world music festivals worldwide and The Guardian’s top 10 festivals in Europe.

– Det å få ei slik utmerking og den anerkjenninga det inneber, er heilt fantastisk. Det viser at me gjer noko rett og at det blir lagt merke til utover Sunnfjord og Noreg, seier direktør Per Idar Almås, som var stolt og glad over å motta prisen.

 
 
 

Til stades under prisutdelinga var også tidlegare direktør for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum, som no er kommunaldirektør for kultur og idrett i den nye Sunnfjord kommune, og Ivar Svensøy, også representant for vertskommunen. Prisen vart overrekt av jurymedlem Farouz Nishanova (i midten på første biletet), direktør i Aga Khan Music Awards og Aga Khan Music Initiative i Sveits.

Dei fem festivalane som mottok EFFE AWARD 2019-2020 var:

·         Conrad Festival, Krakow i Polen

·         Festival Deltebre Dansa, Deltebre i Spania

·         Førdefestivalen, Førde

·         GogolFEST - Multidisciplinary International Festival of Contemporary Art, Ukraina

·         Welcome to The Village, Leeuwarden i Nederland


Det er festivalorganisasjonen EFFE, Europe for Festivals Festivals for Europe, som står bak denne festivalkåringa, og under prisutdelinga vart det streka under at kulturelt samarbeid over landegrensene i dag er viktigare enn nokon gong. Festspillene i Bergen også nominert til prisen, og var blant dei 24 som mottok utmerking.

Alle foto: Lieve Boussauw

Gå til original EFFE-pressemelding på engelsk

 
Torill Faleide