Nordic Sound Folk Orchestra på NRK TV

Det er med stor glede vi kan melde at vi har underteikna visningsavtale med NRK TV for opningskonserten på Førdefestivalen 2017, storsatsinga Nordic Sound Folk Orchestra. Det betyr at alle norske TV-sjåarar vil kunne oppleve konserten via tv-skjermen og nett frå sendingsdato i juni 2017. Vi har enno ikkje fått nøyaktig tidspunkt for sendinga, men dette kjem vi sjølvsagt tilbake til så snart vi har detaljar!  

Nordic Sound Folk Orchestra er festivalen sin største nyproduksjon nokon gong, med nyskreven musikk frå fire komponistar frå Norge, Sverige, Danmark og Finland og med eit 40-tals (!) stjernelag av artistar og solistar frå dei nordiske landa, med musikalsk leiar Karl Johan Ankarblom i spissen. 

Les meir om prosjektet og artistane her.

 

Torill Gundersen