Dans og dansemusikk i fokus på Førdefestivalen 2018

Halling får ein sentral plass på Førdefesivalen 2018 når temaet blir Dansen i musikken - musikken i dansen!, her representert ved dansaren Vidar Underseth og dansespelemann i særklasse, Sigmund Eikås. 

Halling får ein sentral plass på Førdefesivalen 2018 når temaet blir Dansen i musikken - musikken i dansen!, her representert ved dansaren Vidar Underseth og dansespelemann i særklasse, Sigmund Eikås. 

Temaet for Førdefestivalen 2018:
Dansen i musikken - musikken i dansen!

-Til sommaren skal det handle om dans! Når vi inviterer til den 29. Førdefestivalen, 4.-8. juli 2018, skal det dansast meir enn nokon gong, seier direktør Hilde Bjørkum og utdjupar: Innan folkemusikken er dansen nært knytt til musikken.  Det gjeld mest for alle land over heile verda. I nokre kulturar er det ikkje eingong ulike ord for musikk og dans, det finst berre eitt uttrykk som dekker begge deler. Vi ynskjer å sjå nærare på denne tette samanhengen og oppskatte den gode dansemusikken og alle dei flotte danseuttrykka som finst, både i vårt eige land og internasjonalt.

I Norge og i mange andre land har mykje av den gode dansemusikken dei seinare åra blitt omforma, eller først og fremst presentert som konsertmusikk. -Vi vil hylle dansen og dansemusikken både gjennom å presentere den frå scena og invitere til den sosiale dansen for alle, held Bjørkum fram, og ikkje minst få fram sjølve nerven i samspelet mellom dansespelemannen og dansaren - som skaper dansemagi!

Eit slag for folkedansen

På spørsmålet om kvifor ho har valt samanhengen mellom musikk og dans som tema på festivalen, er Bjørkum tydeleg på at det trengs å slå eit slag for folkedansen både i Norge - og internasjonalt. -Fleire stadar i Norge har dyktige dansarar og drivande eldsjeler jobba hardt over lang tid og skapt flotte levande dansemiljø med både unge og eldre involvert. Andre stadar ligg danseaktiviteten nede. Førdefestivalen ønskjer å inspirere til å ta dansen i bruk. Rett og slett oppmode fleire til å kjenne gleda ved å danse til levande musikk av drivande gode dansemusikarar, seier den danseglade direktøren, som sjølv har tre Norgesmeistertitlar i folkedans, og kan skilte med Kongepokal frå Landskappleiken i 1989.

- Eg trur den sterke, nærast ekstatiske gleda over å kunne røre seg til god dansemusikk er sterkt underkommunisert. Det å kunne kjenne korleis rytmane kan drive deg framover, meistringskjensla ved å greie å utføre nokre innvikla dansetrinn og vendingar du har øvd på, og å få til nokre steg du nettopp har lært. Eller fridomen ved berre å improvisere og røre seg fritt til musikken, det er jo rett og slett fantastisk og noko eg unner alle å oppleve!

Ny norsk danseproduksjon

I ein heilt ny norsk danseproduksjon, Dei gamle er eldst, heidrar festivalen tradisjonsberarane våre; dansemeistrar som gjennom fleire tiår har vore mellom dei fremste dansarane i Norge, og har lært opp nye generasjonar i halling, springar og andre danseformer. Framsyninga kretsar rundt dei eldre hallingdansarane våre, som ikkje lenger er så aktive på scena, men som trør dansen med livsrøynde kroppar. -Det blir fantastisk å sjå hallingdansarane Martin Myhr, Ingar Ranheim, Rolf Bjørgan, Dagfinn Krogsrud, Vidar Underseth og Dag Hamre i aksjon på ei og same scene, seier Bjørkum. Musikarane i denne produksjonen er av den yngre garde, nemleg Sivert Holmen og Tuva Syvertsen. Dei gamle er eldst er produsert av Villniss Dansekompani, i samarbeid med Førdefestivalen, Hilmestemnet og Riksscenen.  Koreograf er Silje Onstad Hålien, sjølv kjend dansar i eliteklassen i Norge.

Internasjonal temakonsert

- Opningskonserten torsdag 5. juli, vert som vanleg vigd temaet på festivalen, så her får publikum både sjå heftig dans og høyre dansemusikk både frå Europa, Amerika og Asia, i tillegg til våre lokale musikk- og dansetradisjonar, fortel direktøren. 

Canzoniere Grecanico Salentino_hires-cgstour-lndt-2015.jpg

Steppdans frå Canada og Tarantella frå Italia

Frå Italia kjem Canzoniere Grecanico Salentino, dei ypparste representantane for den heilt spesielle pizzica tarantata-tradisjonen frå Salento i Puglia, heilt sør på hælen i Italia. Sentralt i denne tradisjonen er taranta-dansen, som har namnet sitt frå edderkoppen, tarantellaen. Legenda vil ha det til at denne intense og nærast ekstatiske dansen er einaste måte å bli frisk om du har vorte biten av ein tarantella. Taranta-tradisjonen i Italia har opplevd ein enorm popularitet dei siste tiåra, mellom anna gjennom festivalen La Notte della Taranta, som tiltrekkjer seg meir enn hundre tusen publikummarar kvart år.

Ein av dei nye kometane i kanadisk folkemusikk, søstrene Cassie og Maggie MacDonald frå Halifax, er klare for Førde. 

Ein av dei nye kometane i kanadisk folkemusikk, søstrene Cassie og Maggie MacDonald frå Halifax, er klare for Førde. 

Vidare blir det kanadisk steppdans med Nova Scotia-søstrene Cassie & Maggie MacDonald, som i rekordfart har etablert seg i toppsjiktet på den irsk-keltiske folkemusikkscena. -I 2016 vann dei Live Ireland Radios “SINGERS OF THE YEAR” “NEW GROUP OF THE YEAR”, og i tillegg til å vere ultradyktige musikarar, har dei denne indre kontakten du ofte opplever med søskenduoar, og som gjer at samspelet blir heilt uforklarleg tett og presist, forklarer Hilde Bjørkum. Både Cassie og Maggie og andre dyktige dansarar blir òg å finne blant årets kursinstruktørar – for sjølvsagt står det fleire dansekurs på programmet for neste års festival!

Klassisk dans frå India og urfolks dansetradisjonar frå Påskeøya

På opningskonserten får publikum òg oppleve musikk og dans innan Bharatanatyam-tradisjonen frå det sørlege India. Denne dansen vart tradisjonelt framført berre av kvinner. Prosjektet Small Island, Big Song er eit stort dokumentasjonsprosjekt som involverer musikk- og dansetradisjonar med over 100 urfolks-utøvarar frå 16 øyar i dei store havområda i Stillehavet og Det Indiske hav. Nokre av desse vert presenterte under opningskonserten og med eiga multimediaframsyning i løpet av festivalen.

Lendmenn11.jpg

Dei beste kjem

Musikarane som aller først vart klare for Førdefestivalen 2018, er gamaldansgruppa Lendmenn, som med sin drivande gode dansemusikk frå Ottadalen vann gruppespelet på Landsfestivalen i gammaldans i 2017. -Dansespel på Førdefestivalen året etter inngår som ein del av premien for dei som vinn denne klassen, og vi er meir enn klare til  å yte vårt aller beste for å ‘yppe’ til dans på sommarens festival, seier Øyvind Sandum i Lendmenn.

Som vanleg vil festivalen utover vinteren presentere ei rekke artistar på programmet både av temaartistar og utanom festivaltemaet.  Fullstendig festivalprogram vert presentert i mars 2018.

Torill Gundersen