Yusan Zillya

 


Krim-tatarane tilhøyrer ei tyrkisk etnisk gruppe busette på Krimhalvøya. I 1944 vart dei deporterte til Asia av etter ordre frå Stalin. Krim-tatarane fekk ikkje reise tilbake til regionen sin (landet sitt) før Ukraina vart sjølvstendig i 1991. Då Krim vart anektert i 2014 vart store delar av folkegruppa igjen tvinga på flukt. I tida etterpå har dei vorte undertrykte og utsette for masse-arrestasjonar av det russiske regimet.

Dette prosjektet er eit møte mellom multiinstrumentalisten og krim-tataren, Djemil Karikov, og dottera hans, Nial Khalilova, og den ukrainske songaren og skodespelaren Natalia Rybka-Parkhomenko. Det er også møtet mellom to kulturar, to språk og to folk.

Etter annekteringa av Krim i 2014, vart Djemil Karikov og Nial Khalilova tvinga til å forlate heimlandet sitt, og dei har sidan budd i Lviv. Her møtte dei songaren Natalia Rybka-Parkhomenko og saman har dei utvikla prosjektet Yusan-Zillya. ‘Yusan’ er ei plante som har ein symbolsk verdi både i ukrainsk kultur og i krim-tatar kulturen: den skal hjelpe folk til ikkje å gløyme røtene sine og kulturen sin.  

Djemil Karikov – saz

Nial Khalilova - cello

Natalia Rybka-Parkhomenko - vokal

 

Arrangement:

5. juli kl. 18.30 Yusan Zillya

Teatersalen, Førdehuset

 

Videoar

 
Forrige
Forrige

Votia