Votia

 

For ei stemme! For ein energi og formidlingsevne og for eit humør!

For Marie-Claude Lambert-Philéas handlar musikk om familie: maloya-rytmane frå faren, den vidkjende no avdøde Gramoun Lélé, strøymer gjennom hjartet og årane hennar. Med ektemann og born rundt seg har ho skapt sitt eige maloyaband. Musikken er livet deira. Marie-Claude komponerer og syng eigne tekstar på kreolsk.

Reunion høyrer til Frankrike, men maloyasongane vert sunge på kreolsk. Det er dansemusikk, men og protestmusikk. På 70-talet vart maloyamusikken rekna som ein så stor trussel for Frankrike at den vart forboden fram til 1091. Maloyamusikken er glad og energisk, men tekstane er framleis “folkets rop” om rettferd, identitet og forholdet til Frankrike, særleg når det gjeld klasseskiljet mellom franskmenn og befolkninga på Reunion, der mange er fattige og utan jobb.

For Votia er det viktig å formidla gleda ved maloyamusikken. Det er rop og blues, men framfor alt er det ei feiring av gleda av å vere til, gleda av å synge, spele og danse. Den store gleda ved å dele generøst. Det er sterk maloya, med fleirstemd song og perkusjon og med innslag av indisk og afrikansk musikk som har følgt henne gjennom åra og alle turneane med faren. Marie-Claude fører arven vidare, og saman med familien overleverer ho maloyatradisjonen til  framtidige generasjonar.

 

Marie-Claude Philéas Lambert - vokal

Fabrice Lambert - rouler, sati, vokal

Judikael Vitry - tampura, takanba, fløyte, ngoni, vokal

Richelin Mahano - congas, doum doum, vokal

Fabien Boquet - djembe, ngoni, vokal

Jyothi Lambert - rouler, sati, vokal

 

Arrangement:

Laurdag 6. juli kl. 16.30 Votia

Festplassen

 
Forrige
Forrige

Ulf-Arne Johannessen: Å rekke å elske

Neste
Neste

Yusan Zillya