íMAR

Ímar - skotsk supergruppe med irsk trad.

 

‘Heilt til å få hakeslepp av…’

Vinnarane av BBC Radio 2 Folk Award, fem-mannsbandet Ímar frå Glasgow, skil seg ut frå mengda – ved å ta musikken tilbake til det grunnleggande. Den relativt nye konstellasjonen er samansett av ringrevar frå leiande grupper som Mànran, Mec Lir, RURA (Førdefestivalen 2019) og Talisk.

Musikarane vanka i dei same gatene i Glasgow, og ein dag sette dei seg for å spele i lag.

-Det var heilt merkeleg. Vi vart litt overrumpla alle mann over kor bra det let, seier bodhrán-spelaren Adam Brown (RURA). -Heilt ærleg, alle såg litt spørjande på kvarandre og lurte: var det berre meg, eller var det berre veldig bra?

-Det let heilt annleis enn det vi spelar i dei andre banda vi er involverte i, seier blåsaren Ryan Murphy (Mànran).´ Og det er nok forklaringa, dette er musikken vi alle byrja å spele den gongen, og som til sjuande og sist gjer at vi er musikarar den dag i dag!

Dei bur i Glasgow og berre ein av dei er frå Irland, men dei fem musikarane i Ìmar har sterke røter inn i irsk musikk. Dette ligg i botn for Ímar sitt særeigne uttrykk, sjølv om repertoaret også omfattar skotske tradisjonar og musikk frå Isle of Man, der to av musikarane kjem frå.

Genuinely jaw-dropping collective virtuosity
— The Living Tradition

Musikken til Ímar har røter i ein felles kulturarv mellom Irland, Skottland og Isle of Man, som alle på eit tidspunkt hadde gaelisk som språk. Dette speglar seg også i dei ulike musikktradisjonane. For nokre tiår sidan var det mykje irsk å høyre på folkemusikkscena i Skottland, men i dag er det moderne skotsk som dominerer. Unntaket er Ímar, som går tilbake til røtene og spelar irsk folkemusikk på den enkle og ekte måten, utan fiksfakseri. Dei spelar ikkje for å bli lagde merke til, men så blir dei det likevel, fordi det let så himla bra!   

 

Adam Brown (RURA) – bodhrán

Ryan Murphy (Mànran) – sekkepipe, fløyter

Tomás Callister – fele

Adam Rhodes (Mec Lir) – bouzouki

Mohsen Amini (Talisk) – concertina



KONSERT

Keltisk festkveld

Fredag 5. juli kl. 20.00

Idrettshallen, Førdehuset

 
 
 

Forrige
Forrige

groove&

Neste
Neste

Indre Sunnfjord spelemannslag