groove&

 

Perkusjon med presisjon og eleganse

Dei tre kvinnelege perkusjonistane i koreanske groove& bryt ny grunn med det dei kallar nye dimensjonar av gugak. Gugak er samleomgrepet for all stor koreansk nasjonal musikk- og dansetradisjonar, frå hoffmusikk eller folkesong, til sjamanistiske ritual eller teater. groove& er ein del av ein ny generasjon koreanske musikarar som kryssar grenser og kombinerer fleire av tradisjonane i Korea med urbane og moderne retningar. groove& er også eit slags kulturelt opprør mot at det er så få kvinnelege perkusjonistar i koreansk gugak-tradisjon.

Trioen tek i bruk mange ulike instrument, og har utvikla sin heilt eigen stil der dei på ein smakfull måte mjukar opp og fargelegg dei eldgamle tradisjonane med pulserande rytmar av i dag. Ein konsert med groove& er som ei vandring gjennom ulike tema, gjennom intrikate arrangement og improvisasjon, gjennom virtuose og artistiske sekvensar, alt vevd saman til ein sensuell heilskap. Dette er ikkje berre musikk, det er også artisteri på høgt nivå!

 

Hakyung Kim - ggwaeng-gwa-ri, jang-gu, perkusjon

Minju Sohn - un-la, jang-gu, perkusjon

Sangkyung Lee - yang-geum, jang-gu, perkusjon

 
 
 

 Konsertar

Torsdag 4. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Røter

Idrettshallen, Førdehuset


Fredag 5. juli kl. 12.00 groove&

Teatersalen, Førdehuset


Forrige
Forrige

Gjermund Larsen Trio

Neste
Neste

íMAR