Maija Kauhanen & Johannes Geworkian Hellman

 

Finsk-svensk superduo!

To svært respekterte unge musikarar frå den nordiske folkemusikkscena slår seg saman og inviterer publikum på ei magisk reise full av overraskingar. Eit musikalsk møte mellom den finske kantelespelaren, songaren - og vinnaren av Nordisk Råds Musikkpris i 2023 -  Maija Kauhanen, og den svenske dreielirespelaren Johannes Geworkian Hellman.

Den virtuose duoen har nære musikalske band, og på sine respektive instrument skapar dei ei verd av lydar du ikkje har høyrt før. Musikken er arkaisk og progressiv og har element frå mange sjangrar, og på sin heilt spesielle måte, gjev Kauhanen og Hellman nytt liv til kantelen og dreielira. Denne finsk-svenske duoen spelar alt rett frå hjartet; frå den mest minste og mjukaste tonen, til det høgste skriket.  

 

Maija Kauhanen – kantele, volkal

Johannes Geworkian Hellman – dreielire, vokal

 

Konsertar

Laurdag 6. juli kl. 20.00 Nordiske røter

Idrettshallen, Førdehuset


 Søndag 7. juli kl. 11.30 Maija Kauhanen & Johannes Geworkian Hellman

Teatersalen, Førdehuset


 
Forrige
Forrige

Madam Jam

Neste
Neste

Mamelukk dansekompani - Livmødre