Madam Jam

 

Grensesprengande norsk runddansmusikk

Med banebrytande runddansmusikk har Madam Jam på svært kort tid engasjert eit heilt folkemusikkmiljø. Er vi vitne til ei ny gammaldansbølge?Dei sju musikarane i Madam Jam har vekt mykje åtgaum etter at  dei lanserte debutalbumet «van danse» sommaren 2023. Fengjande melodiar, frekke rytmar i gitar og banjo og krutsterk danseappell er nokon av grunnane til det. Sjølv om hjarta ligg den tradisjonelle runddansmusikken nær, er ikkje Madam Jam redde for å leggje til nye musikalske element i sjangeren. Og målet for gruppa er alltid å skape god stemning og danseglede!

Madam Jam sitt debutalbum vart heidra med Folkelarmprisen i kategorien Dansespel i 2023.


Steinar Odde – banjo, dobro, hardingfele

Pål Bratås – durspel, trekkspel

Øyvind Sandum – durspel, trekkspel

Gro Visdal – kontrabass

Johanne Mjøs - fele (vikar for Bjørn Kåre Odde)

Kristen Bratås - gitar

Geir Byre – gitar

 

 

Arrangement:

Laurdag 6. juli kl. 20.00 Nordiske røter

Idrettshallen, Førdehuset


 Laurdag 6. juli kl. 21.30 Endå meir dans!

Festsalen, Førdehuset


 
Forrige
Forrige

Liv Gulbrandsen

Neste
Neste

Maija Kauhanen & Johannes Geworkian Hellman