URNA

 

Blendande stemmprakt frå Mongolia

URNA Chahar-Tugchi var fødd inn i ein nomade-familie i indre Mongolia. I dag bur Urna i tyske Bayern, men musikalsk er ho framleis i heimlandet. For sjølv om Urna også tek songen inn i nye landskap med tydelege innslag frå andre kulturar, er det framleis dagleglivet i Mongolia det handlar om; folket, dyra – og dei endelause slettene.

I tillegg til ei blendande stemmeprakt, har Urna denne heilt særeigne evna til å kommunisere med folk gjennom songen sin. Ord vert nesten overflødige. Stemma til Urna er eit språk alle forstår, og sjølv om songane ikkje er religiøse, har konsertane hennar noko seremonielt over seg. –Eg brukar all min energi til å tolke songane når eg står på scena, seier ho, og ho fortel også om ei kjensle av å bli fødd på ny etter kvar konsert.

URNA, som trollbatt publikum på Førdefestivalen i 2011, har med seg polske KROKE på si nyaste plate Ser. Difor blir Urna sjølvsagt gjest på KROKE sin konsert i Storsalen. Det er berre å glede seg!

URNA Chahar-Tugchi – song

 

Konsertar:

Torsdag 4. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster
Jølstramuseet, Vassenden

Fredag 5. juli kl. 16.30 Publikumsfavoritten: Kroke
Storsalen, Førdehuset

Laurdag 6. juli kl. 20.30 Gjensynsgalla – 30 år utan grenser
Idrettshallen, Førdehuset

 
Forrige
Forrige

TRIAKEL

Neste
Neste

VASSVIK