VASSVIK

Torgeir Vassvik yes av Tuula  jpg.JPG

Med bandet VASSVIK gjev den samiske lydpoeten Torgeir Vassvik deg eit friskt pust frå det nordlegaste kystområdet på det europeiske fastlandet. Om du opplever han i Norge, Canada, Japan eller Malaysia, blir du overraska og bergteken over hans animistiske* joik. 

Torgeir Vassvik er rekna som ein av dei mest innovative samiske musikarane i dag, og framfører den transeframkallande musikken til folket sitt, kystsamane, på sin heilt særeigne og spektakulære måte. Musikken hans er eit speglbilde av den røffe og vakre kystnaturen i arktis, han fornyar dei gamle vokaltradisjonane og rytme-rituala for det 21. århundre. Med seg har han musikarar som hentar inspirasjon frå både jazz, klassisk og ny musikk; VASSVIK gjev deg joik i eit rått og moderne lydbilde, med to feler, rammetromme og akustisk gitar. 

 

Torgeir Vassvik - joik, gitar, rammetromme

Rasmus Kjorstad - fele

Jo Einar Jansen - fele 

Audun Strype - lyddesign

 

 *Animisme (frå latin anima, ånd) er eit omgrep i teologien brukt om ei religiøs oppfatning om at alt i naturen har sjel. 

 
NorgeTorill Faleide